Prutz
Prutz er ein kommune i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 9,74 km² og har knapt 1800 ibuarar i 2016.
Prutz ligg på ei elveslette ved inngangen til fjelldalen Kaunertal, 864 meter over havet. Viktigaste inntektskjeldene er turismen og eit elektrisitetsverk bygt gjennom dambygging i 1964.
Ein brann i 1903 gjorde stor skade i landsbyen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Prutz» frå Wikipedia på tysk, den 1. september 2016.