Fylkesveg 82
Fylkesveg 82 | |||
---|---|---|---|
82 | |||
Strekning | |||
Fiskebøl – Stormoen i Andenes | |||
Informasjon | |||
Status | fylkesveg nasjonal turistveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
- Sjå òg fylkesveg 82 (fleirtyding)
Fylkesveg 82 (Fv82) er ein veg som går mellom Fiskebøl og Andenes.
Vegen kryssar Hadselfjorden med ferje og følgjer sør- og austsida av Hadseløya frå Melbu til Stokmarknes. Vidare på bruer til Langøya og langs austsida av Langøya til Sortland. Der går vegen over Sortlandsbrua til Strand på Hinnøya, og går nordover langs vestsida av Hinnøya til Andøybrua. Frå Risøyhamn går vegen langs austsida av Andøya. Mellom Skarstein og Andenes går vegen inn på øya. Vegstrekninga over Kjølhågen mellom Skarstein og Andenes er særs utsett for sterk vind, og vegen vert stengd når vinden er for sterk.
Strekninga mellom Fiskebøl og Strand i Sortland var ein del av europaveg 10 fram til Fastlandssambandet til Lofoten vart opna 1. desember 2007.
Strekninga på europaveg 10 mellom Å og Melbu fekk status som Nasjonal turistveg Lofoten 6. september 2007. Ferjesambandet Fiskebøl - Melbu er framleis ein del av turistvegen etter at Fastlandssambandet til Lofoten opna.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
endre- Endepunkt Andenes
- → Ferje til 86 Gryllefjord (2 turar/dag, berre sommarstid, 2 timar)
- Arm til Andøya lufthamn, Andenes (0,3 km)
- Fv976 frå Tofta via Bleik og Nordmela til Å (43,6 km)
- Fv982 Einletvatnet
- Kjølhågen, vegen vert stengd ved sterk vind
- Fv982 frå Skarstein via Fiskenes til Einletvatnet (8,1 km)
- Dverberg
- Fv976 Å
- Fv974 frå Risøybukta via Bjørnskinn og Vågraet til Fv976 Nordmela (24,3 km)
- Fv985 Risøybukta
- Fv985 via Risøyhamn til Risøybukta (2,5 km)
- → Hurtigruta, biler kan takast med.
- Andøybrua (750 m)
- Fv972 frå Dragnes til Lovika (3,7 km)
- Forfjord
- Maurnes
- Fv959 frå Leirbogen til Røykenes i Godfjorden (22,1 km)
- Kvalsaukan bru (425 m)
- Strand
- Sortlandsbrua (948 m)
- 820 Sortland, felles trasé med over Sortlandsbrua
- Sortland → Hurtigruta, biler kan takast med.
- Fv892 til Stokmarknes lufthamn, Skagen (0,6 km)
- Fv885 frå Bitterstad til 820 Frøskeland i Sortland kommune (45,2 km)
- Hadselbrua (1011 m)
- Børøybrua (326 m)
- Fv881 frå Stokmarknes til Melbu (26,1 km)
- → Hurtigruta, biler kan takast med.