Roger the Engineer
Roger the Engineer Studioalbum av The Yardbirds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve |
| |
Innspelt | April–juni 1966 | |
Studio | Advision i London | |
Sjanger | psykedelisk rock | |
Lengd | 35:52 | |
Selskap | ||
Produsent | ||
Britisk The Yardbirds-kronologi | ||
---|---|---|
Five Live Yardbirds (1964) |
Roger the Engineer | Remember (1971) |
Amerikansk The Yardbirds-kronologi | ||
Having a Rave Up (1965) |
Roger the Engineer | The Yardbirds Greatest Hits (1967)
|
Roger the Engineer (opphavleg gjeve ut i Storbritannia som Yardbirds og i USA, Tyskland og Frankrike som Over Under Sideways Down) er eit album av det engelske rockebandet The Yardbirds. Det vart spelt inn og gjeve ut i 1966, og er det einaste Yardbirds-albumet med gitaristen Jeff Beck på alle spor og berre originale songar.[1] Det vart produsert av bassisten Paul Samwell-Smith og manageren Simon Napier-Bell.
Sjølv om den britiske utgåva av albumet framleis vert kalla Yardbirds i offentlege kjelder som Official Charts Company,[2] har det sidan halvoffisielt blitt kalla Roger the Engineer,[3] ein tittel som kjem av at teikninga på plateomslaget av lydteknikaren på plata, Roger Cameron, av bandmedlemmet Chris Dreja.[4]
Det er det einaste Yardbirds-albumet som gjekk inn på UK Albums Chart, der det nådde 20. plassen.[2] I USA nådde det 52. plassen på Billboard 200.[5] Den mest kjende songen på albumet, «Over Under Sideways Down», kom ut på singel i mai 1966, to månader før albumet kom.[5]
Albumet er med i boka til Robert Dimery, 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[6] I 2012 vart albumet rangert på 350. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7]
Innspeling
endreSingelen «Over Under Sideways Down» og B-sida «Jeff's Boogie» vart spelte inn i Advision Studios i London den 19–20. april 1966.[8] Resten av albumet vart spelt inn frå 31. mai til 4. juni 1966, òg i Advision.[8] Paul Samwell-Smith og Simon Napier-Bell produserte albumet, og det kom ut på Columbia Graphophone Company i Storbritannia den 15. juli 1966 og på Epic Records i USA den 18. juli 1966.[5]
Ettermæle
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Stephen Thomas Erlewine skreiv i ei seinare melding for AllMusic at albumet er det beste studioalbumet til The Yardbirds med «noko av den beste psykedeliaen deira», men ikkje «blant dei aller beste albuma i perioden».[1]
Rolling Stone rangerte albumet på 349. plassen i 2003 og 350. plassen i 2012 på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Chris Dreja, Jim McCarty, Jeff Beck, Keith Relf og Paul Samwell-Smith.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Lost Woman» | 3:16 |
2. | «Over Under Sideways Down» | 2:24 |
3. | «The Nazz Are Blue» | 3:04 |
4. | «I Can't Make Your Way» | 2:26 |
5. | «Rack My Mind» | 3:15 |
6. | «Farewell» | 1:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Hot House of Omagararshid» | 2:39 |
8. | «Jeff's Boogie» | 2:25 |
9. | «He's Always There» | 2:15 |
10. | «Turn into Earth» | 3:06 |
11. | «What Do You Want» | 3:22 |
12. | «Ever Since the World Began» | 2:09 |
Amerikansk utgåve
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Lost Woman» | 3:16 |
2. | «Over, Under, Sideways, Down» | 2:24 |
3. | «I Can't Make Your Way» | 2:26 |
4. | «Farewell» | 1:29 |
5. | «Hot House of Omagararshid» | 2:39 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Jeff's Boogie» | 2:25 |
7. | «He's Always There» | 2:15 |
8. | «Turn into Earth» | 3:06 |
9. | «What Do You Want» | 3:22 |
10. | «Ever Since the World Began» | 2:09 |
Medverkande
endre- The Yardbirds
- Keith Relf – solovokal (utanom «The Nazz Are Blue»), munnspel
- Jeff Beck – sologitar, solovokal på «The Nazz Are Blue», bassgitar (2)
- Chris Dreja – rytmegitar, korvokal, piano
- Paul Samwell-Smith – bassgitar (alle utanom 2), korvokal
- Jim McCarty – trommer, korvokal, perkusjon
- Plateomslag
- Chris Dreja – design og illustrasjon
- Jim McCarty – tekst i omslaget
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roger the Engineer» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Erlewine, Stephen. Roger the Engineer på Allmusic. Henta 1. juni 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Yardbirds – Albums». Official Charts. Henta 30. oktober 2017.
- ↑ Gulla, Bob (2008). Guitar Gods: The 25 Players Who Made Rock History. ABC-CLIO. s. 24. ISBN 978-0313358067. Henta 31. mars 2018.
- ↑ Jones, Chris (17. april 2007). «The Yardbirds Roger The Engineer Review». bbc.co.uk. Henta 31. mars 2018.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (Boxed set booklet). The Yardbirds. Los Angeles: Rhino Records. s. 46, 51. OCLC 781357622. R2 79825.
- ↑ Dimery, Robert (2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Universe Publishing. ISBN 978-0789320742.
- ↑ 7,0 7,1 «500 Greatest Albums of All Time: The Yardbirds, 'Roger the Engineer'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 23. september 2017. Henta 31. mars 2018.
- ↑ 8,0 8,1 Russo, Greg (2016). Yardbirds: The Ultimate Rave-Up. Floral Park, New York: Crossfire Publications. s. 210. ISBN 978-0-9791845-7-4.
Bakgrunnsstoff
endre- The Yardbirds på Discogs (liste over utgjevingar)
351: Rust Never Sleeps Neil Young |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 350 Roger The Engineer The Yardbirds |
349: The Black Album Jay |