Salina
Salina er den nest største av Dei eoliske øyane etter Lipari i Tyrrenhavet utanfor nordkysten av Sicilia i Italia. Den største byen på øya har same namn. Ho har eit areal på 27 km². Øya er danna av seks no inaktive vulkanar. Dei to yngste og høgaste er kalla Fossa delle Felci (962 m) og Monte dei Porri (860 m). I den greske perioden vart øya kalla Dídyme (Δίδυμη), eit gresk namn som referer til dei to fjelltoppane som «tvillingar». Det moderne namnet kjem frå produksjon av havsalt, som skjedde på sørenden av øya.
Salina | |
---|---|
Salina | |
Geografi | |
Stad | Tyrrenhavet |
Koordinatar | 38°33′55″N 14°50′00″E / 38.56528°N 14.83333°E |
Øygruppe | Dei eoliske øyane
|
Areal | 26,8 km²
|
Høgaste punkt | Fossa delle Felci (962 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Italia |
Region Provins |
Sicilia Messina
|
Demografi | |
Folketal | 2 300 (2005) |
Folketettleik | 86 /km² |
Salina er den frodigaste av Dei eoliske øyane og druer frå Salina vert nytta til å lage Malvasiavin. Den lokale varianten heiter Malvasia delle Lipari. Øya eksporterer òg kapers til utlandet.
Det er tre landsbyar på Salina: Santa Marina, Malfa og Leni. Øya har vore busett heilt tilbake til bronsealderen og har vorte utbygd og fråflytta mange gonger gjennom tusenåra. I 1544, då Spania erklærte krig mot Frankrike, bad den franske kongen Frans I, den osmanske sultanen Suleiman om hjelp. Sistnemnde sende ein flåte leia av Khair ad Din (òg kjend som Barbarossa) som slo spanjolane ved Salina og klarte å ta Napoli frå dei. I løpet av desse kampane vart Dei eoliske øyane avfolka. Seinare emigrantar kom frå Italia, Sicilia og Spania. Område på øya, inkludert dei to fjelltoppane, vart ein del av eit naturreservat i 1981. Det bur i dag om lag 2 300 innbyggjarar på Salina.
Michael Radford sin oscarvinnande film Postmannen frå 1994 vart delvis filma på Salina.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Salina Island» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ezio Giunta, dir. (2005). «Panarea». Estateolie 2005*The Essential Guide (English version of Tourist Guidebook): 66-79.
Bakgrunnsstoff
endre- Turisme på Dei eoliske øyane Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine.