School's Out
School's Out Singel av Alice Cooper frå albumet School's Out | ||
B-side |
«Gutter Cat» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal[1], stoner rock | |
Lengd | 3:34 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Dennis Dunaway, Neal Smith, Alice Cooper, Michael Owen Bruce, Glen Buxton | |
Tekstforfattar | Alice Cooper, Dennis Dunaway, Neal Smith, Michael Owen Bruce, Glen Buxton | |
Låtskrivar(ar) | Alice Cooper, Michael Bruce, Glen Buxton, Dennis Dunaway, Neal Smith | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Alice Cooper-kronologi | ||
«Be My Lover» (1972) |
School's Out | «Elected» (1972)
|
«School's Out» er ein song frå 1972 av Alice Cooper og tittelsporet på det femte albumet deira.
Cooper sa at det som inspirerte han til å skrive songen var då han svarte på spørsmålet «Kva er dei største tre minutta i livet ditt?». Cooper sa: «Det er to gonger i året. Ein er julemorgonen når ein gjer seg klar til å opne gåvene. Grådigheitsfaktoren er der då. Den andre er dei siste tre minuttar på den siste skuledagen når du sit der og det er ei som ei langsam lunte som brenn. Eg sa, 'Om eg kan fange dei tre minutta i ein song, så kjem til å bli stort.»
Cooper sa òg at han var inspirert frå ei linje frå ein Bowery Boys-film.
Teksten indikerer at ikkje berre er skulen ferdig for sommaren, men ferdig for alltid, og at sjølve skulen er sprengt i lufta. Han inneheld barneregla «No more pencils, no more books, no more teachers' dirty looks».
«School's Out» vart den første store hitten til Alice Cooper og nådde 7. plass på Billboard Hot 100 i USA og dreiv albumet opp til andreplassen på Billboard 200. I Canada nådde singelen 3. plass[2] medan albumet gjekk heilt til topps.[3] I Storbritannia gjekk singelen heilt til topps i tre veker i august 1972.
I 2004 vart «School's Out» rangert på 319. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2009 vart han kåra til den 35. beste hardrocksongen av VH1[4].
Song i populærmedia
endreSongen er nytta i filmane Scream, Dazed and Confused, Rock 'n' Roll High School og I Love You, Beth Cooper.
Ein versjon av songen er spelbar i videospelet Guitar Hero III: Legends of Rock. Han er òg tilgjengeleg i Guitar Hero 5 og Rock Band 2.
Cooper framførte songen under avslutningsnummer i episoden hans The Muppet Show, der han dansar med store Muppet-monster som dansar til songen hans.
Andre versjonar
endreSongen er spelt av mellom andre Daphne & Celeste, GWAR, 45 Grave, Anthrax, Toyah, Grave Digger, Cretu and Thiers, The Sensational Alex Harvey Band, Demons and Wizards, Kirka, Krokus, Soul Asylum, Sevendust, The Last Hard Men, Mr. Bumpy, A*Teens, Rob Zombie og Slash, Jay Anderson Band, Emily Estefan, The Donnas, Alien Sex Fiend, Foo Fighters og Ke$ha.
Lister
endreListe (1972) | Plassering |
---|---|
USA | 7[5] |
Canada | 3[2] |
Tyskland | 5[6] |
Storbritannia | 1[7] |
Austerrike | 12[8] |
Noreg | 6[9] |
Irland | 2[10] |
Nederland | 9[11] |
Australia | 22[12] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «School's Out (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «"School's Out" Songfacts entry».
- ↑ http://www.allmusic.com/song/t3662943
- ↑ 2,0 2,1 http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.4176&type=1&interval=24&PHPSESSID=ccntousk30frf6h4jsn237nm12
- ↑ http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.7652&type=1&interval=24&PHPSESSID=ccntousk30frf6h4jsn237nm12
- ↑ «spreadit.org music». Henta 24. oktober 2011.
- ↑ "Alice Cooper - Charts & Awards - Billboard Singles" Allmusic."
- ↑ ""German Singles Charts Search for Alice Cooper"" Arkivert 2012-09-27 ved Wayback Machine. musicline.de"
- ↑ Jo Rice/Tim Rice/Paul Gambaccini/Mike Read (1979). The Guiness Book of British Hit Singles 2nd Edition. Guinesss Superlatives Ltd. s. 56. ISBN 09000424990 Check
|isbn=
value: length (hjelp). - ↑ ""Austrian Singles Charts Search for Alice Cooper"" Austriancharts.at."
- ↑ ""Norwegian Singles Charts Search for Alice Cooper"" norweigancharts.com."
- ↑ ""Irish Singles Charts Search for Alice Cooper"" irishcharts.com."
- ↑ ""Dutch Singles Charts Search for Alice Cooper"" dutchcharts.nl."
- ↑ ""Go-Set Singles Chart Page with "School's Out" Peak Position"", arkivert frå originalen 29. juni 2011, henta 23. oktober 2011
294: «Sweet Jane» The Velvet Underground |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 293 «School’s Out» Alice Cooper |
292: «Can I Kick It?» A Tribe Called Quest |
327: «Take Me Out» Franz Ferdinand |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 326 «School's Out» Alice Cooper |
325: «Many Rivers to Cross» Jimmy Cliff |