Semiotikk
Semiotikk eller semiologi (frå gresk semion, 'teikn') er læra om teiknsystem og bruken av dei. Det tek for seg korleis me uttrykker oss gjennom teikn (også ord er rekna som teikn) noko og korleis me skapar meining.
Historisk blir semiotikk knytt til to sentrale forskarar: Saussure og Peirce. Saussure blir rekna som grunnleggjaren av moderne lingvistikktradisjon, og er følgjeleg mest interessert i verbalspråket. Han såg språket som eit teiknsystem som kunne samanliknast med andre system som teiknspråk, millitærsignal og symbolske ritual. Peirce var filosof og pragmatikar. Han studerte teikn generelt, og ville studera heile den menneskelege medvitsproduksjonen og laga eit system for klassifikasjon av teikn generelt. Lenge brukte ein «semiologi» om tradisjonen etter Saussure og «semiotikk» om tradisjonen etter Peirce, men i dag er «semiotikk» mest brukt om begge.
Leiande semiotikarar
endre- Ferdinand de Saussure (1857–1913)
- Charles S. Peirce (1839–1914)
- Louis Hjelmslev (1899–1965)
- Roland Barthes (1915–1980)
- Umberto Eco (1932—2016)
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Semiotikk» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2011.
«Semiotikk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Semiotikk og semologi i Bokmåls- og Nynorskordboka
Bakgrunnsstoff
endre- Dinesen, Anne Marie; Grundbog i semiotikk, København 1994, ISBN 87-500-3168-6
- Peirce, Charles Sanders; Semiotik og pragmatisme, på dansk 1994, ISBN 87-00-13864-9Denne filosofiartikkelen som har med språk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.