Sepiolitt
Sepiolitt er eit magnesiumhaldig leirmineral med kjemisk formel Mg4Si6O15(OH)2·6H2O, eit sjiktgittersilikat med framtredande kjedestruktur. Det opptrer i massiv form som merskum. Det kan òg vere bestanddel av einskilde former for bergkork, bergtre og liknande.
Sepiolitt | |||
Ein prøve av sepiolitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fylosilikat | ||
Kjemisk formel | Mg4Si6O15(OH)2·6H2O | ||
Strunz-klassifisering | 09.EE.25 Enkle, tetraeder-nett av ringar i grupper på seks | ||
Dana-klassifisering | 74.03.01b.01 Palygorskite-sepiolittgruppa | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk 2/m2/m2/m | ||
Einingscelle | a = 5,21 Å, b = 26,73 Å, c = 13,5 Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Gråaktig kvit, kvit, kvit med ein gulaktig eller raudaktig tone; blågrøn | ||
Krystallform | Kompakt kuleforma, jordaktig, leiraktig, massiv; sjeldan fin trådaktig langs [001] | ||
Krystallsystem | Ortorombisk - Dipyramidal | ||
Mohs hardleiksskala | 2 | ||
Glans | Matt, jordaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2; tørre porøse massar flyt på vatn | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,520 nβ = 1,520 nγ = 1,530 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,010 | ||
2V-vinkel | Målt: 20° til 70°, Utrekna: 18° | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det vart først skildra i 1847 etter ein førekomst i Bettolino i Baldissero Canavese i provinsen Torino i Piemonte i Italia. Namnet kjem av likskapen til dei porøse beina til ein akkar frå det greske, sepion.[2]
Kjelder
endre- «sepiolitt». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.