Slavutytsj
Slavutytsj (ukrainsk Славутич) er ein ny by nord i Ukraina, kalla opp etter det gammalslaviske namnet på den nærliggande Dnepr. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2011).
Slavutytsj | |||
Славутич | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kiev oblast | ||
Kommune | Slavutytsj rajon | ||
Koordinatar | 51°31′14″N 30°45′25″E / 51.52056°N 30.75694°E | ||
Areal | 2,53 km² | ||
Folketal | 24 935 (2012) | ||
Folketettleik | 9 856 / km² | ||
Grunnlagd | 1986 | ||
• Byrettar | 1986 | ||
Borgarmeister | Volodimir Udovytsjenko | ||
Postnummer | 07100 | ||
Retningsnummer | +380 4579 | ||
Slavutytsj 51°31′14″N 30°45′25″E / 51.520555555556°N 30.756944444444°E | |||
Kart som viser Slavutytsj.
| |||
Wikimedia Commons: Slavutych | |||
Nettstad: Offisiell nettstad |
Slavutytsj ligg på venstrebreidda av elva, 40 km frå Tsjernihiv, 45 km frå byen Pripjat, 50 km frå Tsjernobyl (begge i Ivankiv rajon) og 200 km frå Kiev. Sjølv om byen geografisk ligg i Tsjernihiv rajon (del av Tsjernihiv oblast), høyrer han administrativt til Kiev oblast, og er ein administrativ eksklave, og høyrer ikkje til noko rajon.
Historie
endreByen vart bygt i 1986, kort tid etter Tsjernobylulukka for å huse arbeidarane i Tsjernobyl atomkraftverk og familiane deira, som måtte evakuere byen Pripjat. Den økonomiske og sosiale situasjonen i byen er framleis kraftig påverka av kraftverket og andre installasjonar i Tsjernobylsonen fordi dei fleste innbyggjarane framleis arbeidde eller arbeider der.
Bygginga av byen starta kort tid etter ulukka og dei første innbyggjarane flytta inn alt i oktober 1988. Byen var meint å erstatte Pripjat, som hadde vorte ein spøkelsesby etter evakueringa. Det står eit minnesmerke i Slavutytsj for offera etter ulukka, særleg dei som mista livet like etter hendinga frå strålingsskadar.
Innbyggjarane i byen er hovudsakleg overlevande etter katastrofen, som måtte flytta ut frå evakueringssonen, av dei kring 8000 som var barn i 1986. På grunn av dette har relativt mange av innbyggjarane strålingsrelaterte sjukdommar. Mange av innbyggjarane arbeider framleis ved det tidlegare kraftverket for å overvake det, vedlikehalde det eller for vitskaplege årsaker.
Slavutytsj ligg kring 50 km aust for det tidlegare atomkraftverket. For å bygge byen vart området dekt med eit to meter tjukt lag med rein jord. Plasseringa vart vald ut på grunn av jernbanelinja som går gjennom området. Frå starten vart det vald at Slavutytsj skulle verte ein «by for det 21. hundreåret». Samanlikna med andre byar i Ukraina har Slavutytsj moderne arkitektur med lystige omgjevnader og levestandarden er høgare enn i dei fleste andre byane i Ukraina. Under bygginga av byen deltok arbeidarar frå åtte tidlegare sovjetrepublikkar: Armenske SSR, Aserbajdsjanske SSR, Estiske SSR, Georgiske SSR, Latviske SSR, Litauiske SSR, Russiske SFSR og Ukrainske SSR. Som følgje av dette vart byen delt inn i åtte bydelar kalla opp etter hovudstadane i kvar republikk[1], kvar med sin eigen unike stil og atmosfære. Byen har ein uvanleg høg fødselsrate og dødelegheita er overraskande låg. Som følgje av dette er snittalderen i Slavutytsj den lågaste av alle byane i Ukraina og meir enn ein tredjedel av innbyggjarane er barn.
I 2001 vart dei gjenverande delane av atomkraftverket stengd ned og byen har hatt sosiale problem og ei uviss framtid etter det. Mykje av budsjettet til byen vart betalt av operatørane av kraftverket. For å støtte busetnaden og få inn nye føretak, vart Slavutytsj ein særeigen økonomisk sone.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Slavutych» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Cafebabel: A second life for the inhabitants of Tsjernobyl». Arkivert frå originalen 29. desember 2013. Henta 2. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (ukrainsk)