Sofie
kvinnenamn
Sofia eller Sofie er eit kvinnenamn av gresk opphav som tyder 'visdom'.
I Noreg har Sofie namnedag 29. november.
Bruken av namnet i Noreg
endreRundt 1800 ser det ut til at formene Sofie og Sofia var like utbreidde. I 1900 var Sofie eit mykje bruka namn, men populariteten avtok ut over hundreåret. Etter 1990-har populariteten stige att.
Utvikling i bruken av namnet etter folketeljingane:
- 1801: Rundt 3200 var manntalsførte som Sophia, Sophie, Sofie, Sofia, Soffie mfl.
- 1900: Nær 21 400 var manntalsførte med namn som Soffia, Soffie, Soffije, Soffira, Sofia, Sofie, Sofiee, Sofii, Sofiie, Sofphie, Sofpie, Sophia, Sophie mfl
- 2008: 4 924 har Sofie til første fornamn, 832 heiter Sofia, 542 Sophie og 210 Sophia.
Kjende namneberarar
endre- Sofie av Danmark| , dansk dronning
- Sophie Germain (1776–1831), fransk matematikar
- Sophie Scholl (1921–1943), tysk student og antinazist
Oppdikta figurar
endre- Tante Sofie i Folk og røvere i Kardemommeby av Torbjørn Egner
- Sofie i Sofies verden av Jostein Gaarder
Sjå òg:
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Sofie hjå Statistisk Sentralbyrå