Songen Wish You Were Here
Wish You Were Here Song av Pink Floyd frå albumet Wish You Were Here | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. september 1975 | |
Innspelt | Januar - juli 1975 | |
Sjanger | Progressiv rock, rock | |
Lengd | 5:40 | |
Selskap | Harvest, EMI (UK) Columbia, Capitol (US) | |
Komponist | David Gilmour, Roger Waters | |
Tekstforfattar | David Gilmour, Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters, David Gilmour | |
---|---|---|
Produsent | Pink Floyd |
Wish You Were Here EP Singel av Pink Floyd frå albumet PULSE | ||
B-side |
«Coming Back to Life» (live), «Keep Talking» (live) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juli 1995 | |
Innspelt | 20. september (Rome); 13. og 20. oktober (Earls Court, London), 1994 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Selskap | Capitol Records (US) EMI (UK) | |
Komponist | David Gilmour, Roger Waters | |
Tekstforfattar | David Gilmour, Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Waters, Gilmour | |
Produsent | James Guthrie, David Gilmour | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«High Hopes» (1994) |
Wish You Were Here EP |
|
«Wish You Were Here» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd, og er tittelsporet på albumet med same namn frå 1975. Musikken er skrive av David Gilmour og Roger Waters, medan Waters skreiv teksten, som referer til Pink Floyd sin tidlegare frontfigur Syd Barrett.
Komposisjon
endreSongen opnar med lyden av nokon som skiftar kanalar på ein radio, og songen glir over frå «Have a Cigar», som sluttar på same vis. Gilmour spelar gitarriffet i introduksjonen på ein akustisk gitar med tolv strengar, og lyden høyrest ut som den kjem ut frå ein gamal transistorradio, før meir fyldigare lyd legg seg oppå. Denne delen av songen vart miksa slik at det høyrdest ut som gitaristen sit i eit rom og spelar i lag med radioen, og ein kan i tillegg høyre eit svakt kvin, som om ein har med radiostøy. Introriffet vert repetert fleire gonger i songen, mellom anna når Gilmour spelar gitarsolo i lag med scatsynginga hans. Mot slutten av songen forsvinn musikken gradvis inn i lyden av vind, før han glir rett over i siste del av «Shine on You Crazy Diamond».
Andre utgåver
endre«Wish You Were Here» vart gjeve ut på samleplatene A Collection of Great Dance Songs og Echoes.
Konsertutgåver av songen vart gjeve ut på både Delicate Sound of Thunder og P*U*L*S*E, og den siste versjonen vart i tillegg gjeve ut på singel i 1994.
«Wish You Were Here» vart først spelt på konsertar under turnéen i 1977, i lag med resten av albumet. På enkelte av desse konsertane brukte Mason ein verkeleg transistorradio i starten av songen. Deretter vart songen spelt på så godt som alle konsertane av Pink Floyd frå 1987 til 1994. I tillegg vart songen spelt på soloturnéane til Waters og Gilmour, og ein versjon vart gjeve ut på Waters sitt konsertalbum In the Flesh i 1999.
Medverkande
endre- David Gilmour – solo- og harmonivokal, scat-synging, 6- og 12-strengs akustisk gitar, pedalsteelgitar, lydbandeffektar
- Nick Mason – trommer, lydbandeffektar
- Roger Waters – bass, lydbandeffektar
- Richard Wright – Steinway piano, Minimoog
Salslister
endreListe (1995 - konsertversjon) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[1] | 13 |
Liste (2007) | Plassering |
---|---|
Noreg (VG-lista)[2] | 18 |
Liste (2012) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[3] | 48 |
Frankrike (SNEP)[4] | 192 |
Tyskland (Media Control AG)[5] | 67 |
UK Singles (Official Charts Company)[6] | 68 |
Coverversjonar
endreMange artistar har spelt denne songen i etterkant, mellom anna Sparklehorse (i lag med Thom Yorke frå Radiohead), The Flaming Lips, Wyclef Jean, Catherine Wheel and Rasputina.
Songen vart framført under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London av Ed Sheeran i lag med Nick Mason på trommer og Mike Rutherford på gitar.
Fakta
endre- Heilt på slutten av songen kan ein så vidt høyre ein fiolin spelt av Stephane Grappelli. Han var i eit anna studio på denne tida, og Gilmour føreslo at dei trengde litt «countryfele» på slutten. Motvillig spelte Grappelli inn ein liten snutt, men til slutt vart svært lite av dette tatt med. Bandet valde derfor å ikkje kredittere han i omslaget.
- Stemmene og orkestermusikken mellom «Have a Cigar» og «Wish You Were Here» vart tatt tilfeldig frå ein lokal radiostasjon. Musikken inkluderer eit klipp av Tsjajkovskij sin fjerde symfoni, eit radiohøyrespel, og så gitarriffet.
Bakgrunnsstoff
endre- Teksten til «Wish You Were Here» Arkivert 2007-02-21 ved Wayback Machine.
325: «Many Rivers to Cross » Jimmy Cliff |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 324 «Wish You Were Here» Pink Floyd |
323: «Alison» Elvis Costello |
- ↑ «Artist Chart History (Singles) – Pink Floyd». Allmusic. Henta 26. juli 2007.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Pink Floyd – Wish You Were Here". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ "Pink Floyd – Wish You Were Here – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Lescharts.com – Pink Floyd – Wish You Were Here" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ «Die ganze Musik im Internet». Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 3. juli 2019.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.