Songsvane
Songsvane (Cygnus cygnus) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg.[2] Svana er heilt kvit i fjørdrakta, og har eit gult nebb med ein svart tupp. Fuglen kan bli 160 cm lang.
Songsvane | |
Cygnus cygnus | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Songsvane | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Cygnus |
Art: | Songsvane C. cygnus |
Vitskapleg namn | |
Cygnus cygnus |
Utbreiing og økologi
endreSongsvane hekka tidlegare spreitt i vegetasjonsrike tjern og innsjøar, ofte i dei mest utilgjengelege myrområda i nordlege delar av Noreg. I dei seinare år har arten likevel ekspandert sørover. Føda består i hekketida av akvatiske plantar samt gras. Fuglar som hekkar i Noreg overvintrar truleg hovudsakleg langs norskekysten, men vinterbestanden er mykje større enn hekkebestanden og det blir derfor at antatt også svenske, finske og kanskje russiske songsvaner overvintrar i Noreg. Arten er avhengig av ope vatn og flyttar seg om hausten og vinteren etter isforholda.
Bestand og bestandsutvikling
endreDen norske hekkebestanden vart i 2015 vurdert å vera i intervallet 700 til 1200 individ, og han vart då vurdert som aukande.[3]
Vurderingsperioden for songsvane er 30 år (grunna generasjonslengda på arten på 10 år.[4]
Bestanden har sidan 1990-talet vore i sterk vekst med ekspansjon sørover i Noreg, og arten hekkar no i alle fylke i Noreg. Bestanden i Nord-Noreg har òg auka.[3]
Arten etablerte seg til dømes som hekkefugl i Østfold (1998), Oslo & Akershus (1999)[5], Vestfold (2005), Møre og Romsdal (2006, men mangelfulle data herfrå[3]), Vest-Agder (2007), Aust-Agder (2008, [6] (2014). Songsvanehekking i Aust-Agder 2013 og 2014. Fugler i Aust-Agder 43 (2): 80-83.), Buskerud (2009), Hordaland (2011), Rogaland (2013), Telemark (2014, 2015[7]) og Oslo (2015).[3]
På bakgrunn av auke i utbreiing og bestand antar vi at bestanden no er i intervallet 1000–2000 individ, noko som betyr raudlistekategori nær trua NT etter kriteriet D1. Bestanden i Sverige er på ca. 12 000 individ, og er kraftig aukande.[8]
I Finland er bestanden, som vart anslått til 10 000–14 000 individ i 2011 (2011[9]), aukande (2019[10]).
I Danmark er arten under etablering.[11]
Raudlistevurdering
endreI følgje BirdLife International (2017) er både hekke- og vinterbestanden i Europa aukande. Songsvane blir vurdert til raudlistekategori nær trua NT, på bakgrunn av observasjonar og basert på kriteriet D1 (1000–2000 reproduserande individ).
Arten blir nedgradert til livskraftig LC° grunna solide og aukande bestandar i nabolanda våre. Dette gir moglegheit for reetablering dersom arten i periodar skulle forsvinna frå Noreg.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av songsvane Cygnus cygnus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Shimmings, P. & Øien, I.J. (2015). Bestandsestimater for norske hekkefugler. NOF-Rapport 2015-2.
- ↑ Bird, J. P., Martin, R., Akçakaya, H.R., Gilroy, J., Burfield, I.J., Garnett, S., Symes, A., Taylor, J., Sekercioglu, Ç.H. & Butchart, S.H. (2020). Generation lengths of the world's birds and their implications for extinction risk. Conservation Biology In Press
- ↑ Dale, S. (2017). Stadig flere hekkende sangsvaner i Oslo og Akershus. Toppdykker'n 2-2017: 88-95.
- ↑ Stalleland 2014
- ↑ Arnesen, M.R. (2015). Sangsvane hekker for første gang i Telemark. Fugler i Telemark 44 (1): 8-11
- ↑ Green, M., Haas, F. & Lindström, Å. (2020). Övervakning av fåglarnas populationsutveckling. Årsrapport för 2019. Rapport, Biologiska institutionen, Lunds Universitet. 96 s.
- ↑ Väisänen, R.A., Hario, M. & Saurola, P. (2011). Population estimates of Finnish birds. In: Valkama, J., Vepsäläinen, V. & Lehikoinen, A. 2011: The Third Finnish Breeding Bird Atlas Finnish Museum of Natural History and Ministry of Environment: (cited 17.10.2020) ISBN 978-952-10-7145-4. http://atlas3.lintuatlas.fi/english
- ↑ Hyvärinen, E., Juslén, A., Kemppainen, E., Uddström, A. & Liukko, U.-M. (eds.). (2019). The 2019 Red List of Finnish Species. Ympäristöministeriö & Suomen ympäristökeskus. Helsinki. 704 s.
- ↑ Moeslund, J.E., Nygaard, B., Ejrnæs, R., Bell, N., Bruun, L.D., Bygebjerg, R., Carl, H., Damgaard, J., Dylmer, E., Elmeros, M., Flensted, K., Fog, K., Goldberg, I., Gønget, H., Helsing, F., Holmen, M., Jørum, P., Lissner, J., Læssøe, T., Madsen, H.B., Misser, J., Møller, P.R., Nielsen, O.F., Olsen, K., Sterup, J., Søchting, U., Wiberg-Larsen, P. & Wind, P. (2019). Aarhus Universitet, DCE – Nationalt Center for Miljø og Energi. www.redlist.au.dk.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Songsvane hos Artsdatabanken
- (en) Songsvane – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Songsvane i Encyclopedia of Life
- (en) Songsvane i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Songsvane hos Dyntaxa
- (en) Songsvane hos Fauna Europaea
- (en) Songsvane hos Fossilworks
- (en) Songsvane hos ITIS
- (en) Songsvane hos NCBI
- (en) Kategori:Cygnus cygnus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Cygnus cygnus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons