Storfjorden på Sunnmøre
- For andre fjordar med same namn, sjå Storfjorden.
Storfjorden på Sunnmøre er den femte lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 110 kilometer. Fjorden går frå Hareidlandet i vest til Geiranger lengst inn i landet. Den største djupna i fjorden er 679 m, vest for Skotet på sørsida og Dyrkorn på nordsida, begge stadene ligg i Stordal kommune. Desse kommunane har kyst mot fjorden: Hareid, Sula, Ålesund, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven og Ørsta.
Samferdsel
endreDet går fleire bilferjesamband over fjorden. Hareid-Sulasund, Sykkylven-Magerholm og Festøy-Solavågen er tre av landets mest trafikkerte målt etter ÅDT (gjennomsnittleg tal køyretøy dagleg).
Veg | Samband | Lengd[1] | ÅDT 2013 | Merknad |
---|---|---|---|---|
60 | Sykkylven – Magerholm | 3,7 km | 2264 | Tidlagare kalla Aursnes/Ørsnes-Magerholm |
61 | Hareid – Sulasundet | 7,7 km | 2153 | Sulafjorden, Norges fjerde mest trafikkerte. |
Festøya – Solavågen | 4,4 km | 1651 | ||
71 | Festøya–Hundeidvik | 4,8 km | Hjørundfjorden | |
655 | Sæbø - Lekneset | 3,2 km | Hjørundfjorden | |
66 | Lekneset–Standal–Trandal–Sæbø | varierande | Hjørundfjorden | |
60 | Stranda – Liabygda | 2,8 km | ||
63 | Eidsdal – Linge | 2,7 km | Norddalsfjorden | |
63/60 | Geiranger – Hellesylt | 19,9 km | turistrute Geirangerfjorden | |
Valldal – Geiranger | turistrute, lagt ned 2015[2] |
Tidlegare gjekk det og ferje på langs av Storfjorden. Etter opning av tunnelane mellom Linge og Overå (1975) på Fylkesveg 650 var det ferjefritt mellom Ålesund og Valldal. Då Tafjordvegen var ferdig, var det samanhengande køyreveg langs heile nordsida av Storfjord. Geiranger hadde i 1956 fått vegsamband til Eidsdal over Ørnevegen, og før den tid gjekk det bilferje frå Valldal til Geiranger (etter at Trollstigen opna). Hellesylt fekk samanhengande køyreveg via Ljøen til Stranda i 1962.
Side- og delfjordar
endreFrå kysten mot innlandet
- Sulafjorden (9 km)
- Vartdalsfjorden (20 km)
- Ørstafjorden (10 km)
- Hjørundfjorden (33 km)
- Norangsfjorden (6,5 km)
- Storfjorden i Ørsta (11 km)
- Sykkylvsfjorden (9 km)
- Norddalsfjorden (16 km, 24 km til botn av Tafjorden)
- Tafjorden (8 km)
- Sunnylvsfjorden (26 km)
- Geirangerfjorden (15 km)
Bilete
endre-
Geirangerfjorden, Storfjordens inste del
-
Storfjorden ved Stranda.
-
Ferje Stranda-Liabygda, sett frå Stranda mot Liabygda.
-
Ferje Magerholmen-Aursnes, sett frå Magerholmen. foto:Eivind Sætre/norden.org
-
Utsyn mot vest over ytre delar av Storfjorden
-
Ut fjorden ved Vaksvik, Rønes og Søvik t.v. motsett side
-
Tafjorden, inste nordlege grein.
-
Oppdrettsanlegg ved Liabygda
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. juli 2017, henta 11. juli 2015
- ↑ Sunnmørsposten, 10.10.2014: "Private kan ta over" (Fjord1 legg ned drift i 2015).