Subterraneans
Subterraneans av David Bowie frå albumet Low | ||
Utgjeve | 14. januar 1977 | |
Innspelt | Desember 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles; September 1976 Château d'Hérouville i Frankrike; Oktober-november 1976 Hansa Studio by the Wall, Vest-Berlin, Tyskland[1][2] | |
Sjanger | Dark ambient | |
Lengd | 5:39 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie og Tony Visconti |
«Subterraneans» er ein song av David Bowie og avslutningssporet på albumet hans Low frå 1977. Som det meste av side to er «Subterraneans» hovudsakleg instrumental, med eit kort vers med obskur tekst nær slutten av songen.
«Subterraneans» vart først spelt inn i 1975 og meint for filmusikken til filmen The Man Who Fell to Earth frå 1976.[1] Han vart seinare henta attande for Low.[1]
Karakteristikk
endreEtter at Station to Station-innspelinga enda i november 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles, spelte David Bowie inn «Subterraneans» i same studioet i desember 1975.[1] Stykket vart seinare pynta på av Brian Eno.
I plateomslaget til Low står «Peter and Paul» oppført med ekstra ARP synthesizer og piano. «Peter and Paul» er Peter Robinson, som spelte Fender Rhodes, og Paul Buckmaster, som spelte ARP Odyssey.[3] Peter Robinson og Paul Buckmaster arbeidde i lag med Bowie i Cherokee Studios seint i 1975 på den skrinlagde musikken til The Man Who Fell to Earth.
«Subterraneans» vart til slutt den mest redigerte songen på Low, med saksofon av David Bowie, i tillegg til mange lag av synthesizer og reverserte instrumentlydar av Brian Eno, som flyt under ein stønnande vokal som er ordlaus fram til kring dei siste nitti sekunda. Lydlandskapet har ein filmaktig kvalitet som hentar fram kjensla frå Miles Davis-albumet In a Silent Way.[1]
Bowie relaterte songen til elendigheita til dei i Aust-Berlin under den kalde krigen. I følgje Bowie representerte den svake jazz-saksofonen eit minne av det som hadde vore for folk som vart fanga i Aust-Berlin.»[4]
Tekst
endreTeksten er blant dei minst tilgjengelge og obskure tekstane til Bowie. Bowie rapporterte[5] at under innspelinga av Low var han «utåleleg lei» vanlege rocketekstar. Tekstane på «Subterraneans» vart skapt ved ein oppkuttingsteknikk, som Bowie tidlegare hadde brukt.
Konsertversjonar
endre- Songen vart nytta som introduksjon til Bowie sitt sett under Outside-turneen i 1995. Dette var ein annan versjon enn albumversjonen, med teksten og musikalske tema frå songen «Scary Monsters» (som følgde «Subterraneans» på setlista). Denne versjonen vart spelt i lag med Nine Inch Nails.
Medverkande
endre- David Bowie: vokal, saksofon, reversert elektrisk gitar, ARP String Ensemble
- Paul Buckmaster: ARP Odyssey synthesizer[3]
- Peter Robinson : reversert Fender Rhodes elektrisk piano[3]
- Brian Eno: ARP 2600 synthesizer,[1] piano
- Carlos Alomar: reversert elektrisk gitar[1]
- George Murray: reversert bassgitar[1]
- Tony Visconti: produsent
Andre versjonar
endre- Philip Glass – Low Symphony (1992)
- Nine Inch Nails – konsertversjonar (med David Bowie) (1995)
- Dylan Howe – Jazz-rekonstruksjon for albumet hans Subterranean – New Designs on Bowie's Berlin (2014)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Subterraneans» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Greatorex, Jonathan. «Just a Mortal With Potential.» Teenage Wildlife. Nov. 1996. 06 Mar. 2006.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Thomas Jerome Seabrook (2008). Bowie in Berlin: A New Career in a New Town: s.131–132
- ↑ Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie 1976–2016: p.49
- ↑ 3,0 3,1 3,2 magasinet Mojo. 60 Years of Bowie.
- ↑ Griffin, R. «Low.» Bowie Golden Years (Jan). 2005 Arkivert 2009-01-19 ved Wayback Machine. retrieved 13. august 2021
- ↑ Low «Low, The Alienation: A lyrical interpretation by Jonathan Greatorex (15-Apr-2000) Arkivert 2018-05-20 ved Wayback Machine. URL retrieved 13. august 2021