Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Storfugl

fugleart
(Omdirigert frå Tiur)

Storfugl (Tetrao urogallus) er største arten av skogshøns. Storfuglen vert ogso kalla for tiur (hann) og røy (ho).

Storfugl
Storfugl
Storfugl
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av storfugl
Utbreiinga av storfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Slekt: Tetrao
Art: Storfugl T. urogallus
Vitskapleg namn
Tetrao urogallus
Røy
Tiur

Kjenneteikn

endre

Tiuren er betydeleg større enn røya. Ein vaksen tiur veg om lag 4–4,5 kg og vert om lag 86cm lang, medan ei vaksen røy vert 2–2,5 kg og 61 cm lang. I sjeldne tilfelle kan tiuren verte over 5 kg. Ungfuglar har vekt på 1,5–4,0 kg. Tiuren og røya kan vanskeleg forvekslast. Tiurens gråsvarte rygg, grønglinsande bryst og svarte halefjør er karakteristiske. Røya er spraglete og har soleis ein meir typisk vernefarge.

 
Tiur i leik.

Forplanting

endre
 
Tetrao urogallus urogallus

Forplantinga vert innleidd med tiurleiken, som er i slutten av april og byrjinga av mai. Storfuglen er polygam og tiuren har ingen kontakt med røya etter paringingstida. Røya legg 5-10 egg på bakken i eit enkelt utført reir 2-3 dagar etter paring på spelplassen. Egglegging skjer med ca 1 egg/døgn. Egga vert klekte etter 25-29 dagar med ruging etter at det siste egget er lagt. Når egga har klekt, er kyllingane brune og tilnærma like gamle, begge kjønna. Når det nærmar seg siste halvdel av september og utover blir tiurungane svarte eller "fullfjøra" som ein sier.

Forvekslingsart

endre

Storfugl kan vanskeleg forvekslast med andre artar. Røya er betydeleg større enn orrhøne, men er lik i fjørdrakta. Røya sin hale skil seg likevel tydeleg med sin avrunda form, mot orrhøna sin splitta hale.

Utbreiing

endre

Storfuglen finst i bar- og blandingsskog over heile landet. Han er likevel ikkje so vanleg på Vestlandet som i resten av landet.[2] Bær og bærlyng er viktigaste føde i barmarkssessongen, medan han i vinterhalvåret beiter på furuknoppar. Tiuren er spesielt ynda som jaktobjekt og det vert drive med trofejakt på tiur i Noreg.

Kjelder

endre
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av storfugl Tetrao urogallus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storfugl