Wilczek Land
Wilczek Land (russisk Земля Вильчека, Zemlja Viltsjeka; tysk Wilczek-Land) er ei stor øy ved 80°35′00″N 60°30′00″E / 80.5833333°N 60.5°E. Ho er ein del av Frans Josefs land i Russland.
Wilczek Land | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 2 203 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Wilczek Land 80°35′00″N 60°30′00″E / 80.583333333333°N 60.5°E |
Wilczek Land er den nest største øya i Frans Josefs land. Ho er nesten heilt dekt av is, bortsett frå to smale striper langs vestsida. Det høgaste punktet på øya er 606 meter over havet.
Øya er kalla opp etter den austerriksk-ungarske grev Wilczek (tysk Johann Nepomuk Graf Wilczek).[1] Grev Wilczek finansierte mesteparten av den austerrisksk-ungarske nordpolekspedisjonen til Frans Josefs land.
Mys Ganza er det vestlegaste neset på Wilczek Land. Kanalen i vest, mellom Wilczek Land og Halløya vert kalla Avstrijskij Proliv (Австрийский пролив).
Øya må ikkje forvekslast med den mindre Wilczekøya, Остров Вильчека, som ligg sørvest for Salmøya i same øygruppe og som er kalla opp etter same person.
Historie
endreTo av medlemmene av Welle-ekspedisjonen i 1899 overvintra ved Kapp Geller (80°46′N 59°36′E / 80.767°N 59.600°E) medan dei venta på at resten av medlemmene frå ekspedisjonen skulle kome tilbake frå Nordpolen.
Nærliggande øyar
endre- Sør for ei bukt på Wilczek Land ligg den vesle Klagenfurtøya (Остров Клагенфурт), om lag 9 km frå kysten. Ho er kalla opp etter Klagenfurt, hovudstaden i Kärnten i Austerrike.
- Like aust for Wilczek Land ligg to småøyar kalla Ostrova Gorbunova (Острова Горбунова) ved (80°34′N 62°01′E / 80.567°N 62.017°E). Desse øyane vart kalla opp etter den russiske naturalisten Gregorij Petrovitsj Gorbunov.
- 1,5 km søraust for Wilczek land ligg fire småøyar på rekkje. Frå nordaust til sørvest er desse:
- Ostrov Derevjannyj (Остров Деревянный).
- Ostrov Daues (Остров Дауэс) eller Davisøya, kalla opp etter den antarktiske navigatøren John King Davis.
- Ostrov Mak-Nulta (Остров Мак-Нульта).
- Ostrov Tillo (Остров Тилло), kalla opp etter den ukrainske kartografen Oleksij Tillo. Denne øya må ikkje forvekslast med Tilloøyane i Karahavet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: