Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Wollert Konow (1809–1881)

(Omdirigert frå Wollert Konow (1809-1881))
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Wollert Konow (fleirtyding).

Wollert Konow (16. juli 18099. september 1881) var ein norsk gardbrukar, forfattar og stortingsmann.

Wollert Konow
Fødd16. juli 1809
Død9. september 1881 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeskribent, politikar
FarWollert Konow
EktefelleMarie Louise Oehlenschläger
BarnWollert Konow, Harald Konow
Alle verv

Konow var fødd i Bergen. Han tok graden Dr.philos. i Göttingen i 1835. I 1839 gifta han seg med Maria Louise Oehlenschläger (1818–1910), dottera til diktaren Adam Oehlenschläger. I 1854 kom han inn på Stortinget for Søndre Bergenhus Amt.

Konow skreiv mellom anna Skizzer fra Italien (1839), dramaet Manfred (1840) og Danmark i dets forhold til Tyskland og den Skandinaviske halvøe. Af en nordmand (2 bd., 1849–50).

Sonen Wollert Konow blei norsk statsminister.

Kjelder

endre

«Wollert Konow – 1809-81» i Store norske leksikon, snl.no.