Zwinger
Zwinger er eit barokkslott i Dresden kjend for den store kunstsamlinga si. Det ligg mellom Semperoper og Postplatz.
Namnet kjem av ordet bezwingen (å tvinge). Anlegget var ein del av borga i Dresden og bestod av ein indre og ein ytre mur. Mellom desse skulle ein mogleg invasjonsstyrke verte knust med våpen om han lukkast å ta den ytre muren.
Historie
endreKurfyrste Fredrik August I (konge av Polen som August II) returnerte etter ei reise i Italia, der han hadde vorte særs imponert av Forum Romanum. Han ønskte noko liknande for seg sjølv. Festningane var ikkje lenger naudsynte og gav derfor rom for planane hans. Den opphavlege planen omfatta både dagens anlegg og Semperoperaen ned til Elben og vart utforma av Matthäus Daniel Pöppelmann i 1722. Då kongen døydde i 1733, vart arbeidet utsett. Slottsområdet vart halde ope mot operaplassen. Seinare vart planene endra til ein noko mindre skala og bygginga som skil Zwinger frå operaplassen, vart oppført.
Museum
endreZwingers Gemäldegalerie Alte Meister vart ein viktig attraksjon i den rike kulturarva i byen. Han omfattar mellom anna måleri av Rubens, Canaletto, Rafael og mange andre. Rustkammeret (Rüstkammer) inneheld ei fin våpen- og rustningssamling, hovudsakleg frå 15- og 1600-talet. Det er òg ei samling av meissenerporselen, klokker og vitskaplege instrument. Bygningane inneheld òg Mathematisch-Physikalischer Salon.
Delar av Zwinger
endreKronentor
endreDen mest kjente og mest fotograferte delen av Zwinger er Kronentor (Kroneporten). På toppen av porten er ein kopi av den polske kongekrona. Ovanfor porten ligg ein annan portal på vestsida med blikk på ein ryttarstatue på Theaterplatz.
Nymphenbad
endreNymphenbad (nymfebadet) ligg ved Festungswall bak Französische Pavillon. Vasskunstverket vart utforma av mellom andre Balthasar Permoser og vert rekna som eit av dei vakraste fonteneanlegga frå barokken.
Glockenspielpavillon
endreGlockenspielpavillon eller Uhr mit Glockenspiel består av mange porselensklokker laga av meissenerporselen.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zwinger» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2009.