Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkomen til Nynorsk Wikipedia
– eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera.
I dag er det 10. august 2024 (oppdater)


Nynorsk Wikipedia har no 170 130 artiklar


Utsnitt frå Carta marina

Carta marina er eit kart utgitt i Venezia i 1539. Det er rekna å vera eit av dei tidlegaste karta over landa i Norden. Carta marina vart teikna av den svenske presten og kartografen Olaus Magnus, som arbeidde med kartet i kring tolv år fram mot 1539. Det finst berre eitt kjend tidlegare kart av Skandinavia: Skandia eller Schondia, teikna av geografen Jakob Ziegler i 1532.

Sjølv om kartet ikkje kan samanliknast med moderne kartografi, er Carta marina rekna for å vere eit av dei mest nøyaktige karta over Norden frå mellomalderen. Av større avvik frå den geografiske verkelegheita kan ein merke seg inkluderinga av øya Thule, ei mytisk øy frå gresk og romersk mytologi. På kartet finn ein også ei rekke illustrasjonar av dyr, natur og daglegliv i Norden. Nokre av desse viser også overnaturlege vesen, deriblant mange havmonster som kraker og sjøormar. Kartet er også dekorert med fire store kompassroser. Les meir …

Førre tre vekene:

Fontener i RomaAppenninaneÅndalsnes stasjon


Dagens skandinaviske artikkel
Peter Freuchen

Peter Freuchen (1886-1957) var en dansk journalist, forfatter og opdagelsesrejsende, som sammen med Knud Rasmussen etablerede udforskningsstationen i Thule i 1910. Ud over de arktiske ekspeditioner besøgte Freuchen Sydafrika i 1935.

Freuchen tog med på Danmark-ekspeditionen 1906-1908 til Nordøstgrønland som yngste deltager, og frem til 1924 deltog han i flere polarekspeditioner. Han skrev en række artikler om turene, og 1913-1920 var han guvernør for kolonien i Thule. Han levede her sammen med inuitterne og forsøgte at leve som dem. Efter at have fået amputeret den ene fod måtte han opgive de krævende polarekspeditioner.

Herefter skrev han flere bøger og medvirkede i film, og han stiftede i 1938 Eventyrernes Klub. Under anden verdenskrig var han aktiv modstandsmand og blev anholdt af besættelsesmagten, hvorpå han flygtede og endte i USA. Her døde han i 1957 under en ekspedition til Alaska. Læs mere

Systerprojekt
Commons
Felles medialager
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibøker
Frie bøker
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies
Artskart
Wikiversity
Frie læremiddel
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage
Fri reisehandbok
Visste du at …
... då Noreg deltok i VM i fotball 1994 var det første gongen landet var med sidan 1938?
... det finst eit ironiteikn med form som eit omvendt spørjeteikn?
... den lengste elva på Island heiter Þjórsá og er 230 km lang?
... ein kan sjå eit lys om ein gnir to sukkerbitar mot kvarandre i mørkret, ein effekt kalla triboluminescens?
... swingdans slett ikkje blir dansa til swingjazz?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre
Temasider
Om Wikipedia
Wikipedia er det største prosjektet til stiftinga Wikimedia. Oppslagsverket er fritt til å bruka her og elles. Det baserer seg i stor grad på dugnad, både når det gjeld skriving og retting, og du er velkommen til å delta. To av utgåvene er på norsk; denne nynorske wikipediaen og Wikipedia på bokmål og riksmål med meir enn 600 000 artiklar. Wikipedia finst også på nordsamisk. Wikipedia er støtta av gåver frå brukarane sine, og me tek gjerne imot bidrag.

Grunnprinsipp Spørsmål og svar Hjelp Skriva Endra Arbeidskontoret Samfunnshuset Kontakt