Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Den Sanne Jesus kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Den Sanne Jesus kyrkje i Portsmouth i England.

Den Sanne Jesus kyrkje (kinesisk: [Zhēn] [] [] [Jiào] [Huì]) er ei ikkje-konfesjonell kyrkje med opphav i Beijing i Kina i 1917.[1] I dag reknar ein med at ho har rundt 1,5 millionar medlemmer[2] i femtisju land.[3] Kyrkja er ei kinesisk sidegrein av pinserørsla[4] innan kristendommen som oppstod tidleg på 1900-talet. Kyrkja sluttar seg òg til eininga av teologien til pinsevennane (Jesus-namn-læresetninga[5]) og er ikkje-treeinig. Kyrkja meinte at alle tolkingar av evangeliet må ha bibelske referansar som grunnlag for å unngå feiltolkingar eller uekte lære. Ho var ei av dei tre innfødde kinesiske huskyrkjene som fanst før kommunistane tok over Kina i 1949.[6]

Dei ti trusartiklane

  1. Den heilage Anden: Dei trur det mottakinga av den heilage Anden, bevist gjennom å tala i tunger, er garantien for arven frå Himmelriket. [7]
  2. Dåp: Dei trur det vassdåp er sakramentet for forlatinga av synder for gjenføding. Dåpen føregår i naturleg rennande vatn, slik som elvar, hav eller innsjøar. Døyparen, som allereie har fått vassdåp og den heilage anden, leier dåpen i namnet til Herren Jesus Kristus. Og personen som får dåpen skal bli fullstendig nedsenka i vatn med hovudet bøygd og ansiktet vendt nedover.[8]
  3. Vasking av føtene: Dei trur at vasking av føtene er eit sakrament som gjer det mogleg å oppleva ein del av Herren Jesus. Det tener òg som ei konstant påminning om at ein skal utøva kjærleik, heilagheit, audmjuke, tilgjeving og nytte. Kvar og ein som har fått vassdåp bør få føtene sine vaska i Jesus Kristus namn. Gjensidig fotvask kan bli utført ved passande høve.[9]
  4. Den heilage Nattverd: Dei trur det den heilage nattverden er sakramentet til minne om Herren Jesus Kristus død. Han gjer det mogleg for truande å ta del i Herrens kjøtt og blod og setja dei i samband med Han, slik at dei kan få evig liv og stå opp igjen på den ytste dagen. Dette sakramentet skal feirast så ofte som mogleg. Det skal berre brukast usyra brød og druesaft.[10]
  5. Sabbaten: Dei meiner sabbatsdagen, den sjuande dagen i veka (laurdag), er ein heilag dag, signa og innvigd av Gud. Han er lagt under Herrens nåde til minne om Gud si skaping og frelsa og med håp om evig kvile i det neste livet.[11].
  6. Jesus Kristus: Jesus Kristus, ordet som blei kjøt, døydde på krossen for å frelsa syndarar, gjenoppstod på den tredje dagen og drog opp til himmelen. Han er den einaste frelsaren for menneskja, den som har skapt himmelen og jorda, og den einaste guden.[12]
  7. Hellige Bibel: Den Heilage Bibelen, med det Gamle og det Nye Testamentet, er inspirert av Gud, den einaste nedskrivne sanninga, og grunnlaget for kristent liv.[13]
  8. Frelsa: Ein får frelse gjennom Guds nåde ved å tru. Ved hjelp av den heilage anden kan truande følgja det heilage, æra Gud, og elska menneskja.[14]
  9. Kyrkje: Dei trur det Den Sanne Jesus kyrkje, grunnlagt av Herren Jesus Kristus, gjennom den Hellige Ånd i tida under det 'seine regnet', er den gjeninnførte sanne kyrkje frå apostolisk tid.[15]
  10. Herrens attkomme: Den andre koma til Herren vil finna stad på den siste dagen når han kjem ned frå Himmelen for å dømma verda. Dei rettskafne vil få evig liv, men dei syndige vil bli dømde for all tid.

Historisk bakgrunn og opphav

I 1901, etter at Charles Fox Parham underviste i Gåva til den heilage ånd prega av glossolalia i Topeka i Kansas, hevda studentane at dei hadde fått denne gåva. Denne hendinga blir sett på som byrjinga på pinserørsla.[16]

I april 1906, i Los Angeles i California, møttest ei lita gruppe afroamerikanske kongressmedlemmer i eit hus og bestemte seg for å be raskt i ti dagar, og bad om å bli fylt med Den Hellige Ånd og for å vitalisera den universelle kyrkja. På kveldsbønnene 9. april fekk de Den heilage ånd, og etter det fortsette talet på menneske i samlinga å auka [17]. Dette er kjent som Vekkelsen i Azusa Street.

Som følgje av Pinsebevegelsen i USA på 1900-talet, Bernt Berntsen, ein Norskamerikansk misjonær djupt påverka av Vekkelsen i Azusa Street, grunnla ein pinsemisjon Apostolisk Tros Misjonskyrkje i Zhengding (Nord-Kina) i 1907,[18] og mange kinesiske kristne fekk den Hellige Ånd i tida som følgde. I 1910 reiste Berntsen til heimbyen i Skandinavia etter kort tid i USA. Medan han var i Skandinavia rekrutterte han tolv norske misjonærar for å følgja han tilbake til Kina.

I 1915 vart Paul Wei introdusert for Berntsens kyrkjesokn og vart tiltrekt av Berntsens personlegdom og pinse læresetninger.[19] Etter at han og dottera vart heila gjennom bønn, vart han med i den Apostolisk Tros Misjonskyrkje.

Ein kinesisk pastor ved namn Zhang Lingsheng fekk dåpen av Den heilage ånd i 1909 gjennom den Apostolisk Tros Misjonskyrkje i Shanghai; Deretter reiste han til Beijing der han vart ordinert av pastor Berntsen.[20] Zhang Lingsheng hadde overtalt Berntsen til å halda sabbaten. Sjølv om Berntsen godtok dette forslaget, endra han deretter tilbedelsesdagen til søndag igjen.[21]

I 1917 hevda Paul Wei at han vart pålagt av Den heilage ånd å bli døypt i levande vatn med hovudet nedover.[22]

Han avslutta den antikke handelsverksemda si og byrja i samarbeid med Zhang Lingsheng og Barnabas Zhang å forkynna evangeliet og byrja den nye kyrkja si under namnet «Den Sanne Jesus kyrkje» (真耶穌教會).

I 1958 vart den Sanne Jesus kyrkje, og alle andre kristne kyrkjer i Kina, pressa til å slutta seg til ho Tre-sjølv-kyrkja, som opererte under statleg overvaking.[23] Elles måtte dei li under dei statleg påtvungne forboda.

I juni 1966 byrja kulturrevolusjonen, og innan august vart alle kyrkjer i Kina stengde. Kristne var blant dei som vart forfølgde, fekk li martyrdøden, angripne og fengsla av det kommunistiske styret.

Kyrkja fekk lov til å opna igjen i 1985, og sidan den gong har ho opplevd vekkingar i provinsar som Jiangsu, Hunan og Fujian .[24]

Referansar