Formannskapslovene: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
besto>bestod |
||
Line 2: | Line 2: | ||
==Formannskapet== |
==Formannskapet== |
||
Lovene la den kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret, difor vart det ofte eit formannskap i kvart [[prestegjeld]]. |
Lovene la den kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret, difor vart det ofte eit formannskap i kvart [[prestegjeld]]. Bestod eit prestegjeld av fleire [[sokn]], skulle kvart av desse velje sine formenn og representantar. Formannskapslovene av 1837 vart seinare avløyst av nye kommunelover som vart vedtekne i åra [[1921]], [[1938]] og [[1954]]. |
||
Seinare på [[1800-talet]] vart det vanleg å kalle formannskapa for [[herad]] og på [[1900-talet]] vart [[kommune]] det vanlegaste omgrepet. |
Seinare på [[1800-talet]] vart det vanleg å kalle formannskapa for [[herad]] og på [[1900-talet]] vart [[kommune]] det vanlegaste omgrepet. |
Versjonen frå 13. november 2012 kl. 23:06
Formannskapslovene var to lover som vart vedtekne 14. januar 1837 og som vart gjort gjeldande frå 1. januar 1838. Med formannskapslovene vart folkevalde styringsorgan introdusert både i fylka (amta) og kommunane (formannskapa).
Formannskapet
Lovene la den kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret, difor vart det ofte eit formannskap i kvart prestegjeld. Bestod eit prestegjeld av fleire sokn, skulle kvart av desse velje sine formenn og representantar. Formannskapslovene av 1837 vart seinare avløyst av nye kommunelover som vart vedtekne i åra 1921, 1938 og 1954.
Seinare på 1800-talet vart det vanleg å kalle formannskapa for herad og på 1900-talet vart kommune det vanlegaste omgrepet.
Amtet
Allereie ved lova av 1837 fekk landkommunane sitt «amtsformannskap.» Amtstinget, som det snart vart heitande, sett saman av ordførarane frå kommunane i amtet. Frå 1850-talet fekk amtskommunane nye store oppgåver, som ansvar for sjukehusa, dei vidaregåande skulene og vegtilsynet i amtet. I 1919 endra amtstinget namn til fylkesting, men valordninga til fylkestinget var i det vesentlege uendra frå fylkesdemokratiet vart innført i 1838 og fram til valet i 1964: Fylkestinget var og samansett av ordførarane i heradskommunane.
I 1961 kom ei eiga lov for fylkeskommunane. Fra 1963, då denne nye fylkeskommunelova tok til å gjelde, kom også byane med i fylkeskommunen, og fylkestingsrepresentantane vart frå då av valde av kommunestyra. I 1976 vart direkteval til fylkesting innført. I 1992 vart det vedteke ei felles lov for kommunar og fylkeskommunar. Denne vert ofte kalla kommunelova.