Det cherokesiske alfabetet
Utsjånad
(Omdirigert frå Cherokeeskrift)
Det cherokesiske alfabetet er eit stavingsbasert skriftsystem laga av Sequoyah i perioden 1809–1823, for det irokesiske språket cherokesisk.
Stavingsalfabetet bruker dels latinske bokstavar, og dels eigne bokstavar, men dei har lydverdiar som dei ikkje har i andre språk. Den cherokesiske bokstaven som liknar på latinsk «H» står for lydsekvensen mi. I tabellen nedanfor representerer kvar kolonne ein vokal, og kvar line ein konsonant.
a [a]~[ə] |
e [e]~[ɛ] |
i [i]~[ɪ] |
o [o]~[ɔ] |
u [u]~[ʊ] |
v [ə̃] | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
— | Ꭰ a | Ꭱ e | Ꭲ i | Ꭳ o | Ꭴ u | Ꭵ v | ||||
g/k [ɡ]/[k] |
Ꭶ ga | Ꭷ ka | Ꭸ ge | Ꭹ gi | Ꭺ go | Ꭻ gu | Ꭼ gv | |||
h [h] |
Ꭽ ha | Ꭾ he | Ꭿ hi | Ꮀ ho | Ꮁ hu | Ꮂ hv | ||||
l [l] |
Ꮃ la | Ꮄ le | Ꮅ li | Ꮆ lo | Ꮇ lu | Ꮈ lv | ||||
m [m] |
Ꮉ ma | Ꮊ me | Ꮋ mi | Ꮌ mo | Ꮍ mu | Ᏽ mv | ||||
n [n] |
Ꮎ na | Ꮏ hna | Ꮐ nah | Ꮑ ne | Ꮒ ni | Ꮓ no | Ꮔ nu | Ꮕ nv | ||
qu [kʷ] |
Ꮖ qua | Ꮗ que | Ꮘ qui | Ꮙ quo | Ꮚ quu | Ꮛ quv | ||||
s [s] |
Ꮝ s | Ꮜ sa | Ꮞ se | Ꮟ si | Ꮠ so | Ꮡ su | Ꮢ sv | |||
d/t [d]/[t] |
Ꮣ da | Ꮤ ta | Ꮥ de | Ꮦ te | Ꮧ di | Ꮨ ti | Ꮩ do | Ꮪ du | Ꮫ dv | |
dl/tl [d͡ɮ]/[t͡ɬ] |
Ꮬ dla | Ꮭ tla | Ꮮ tle | Ꮯ tli | Ꮰ tlo | Ꮱ tlu | Ꮲ tlv | |||
ts [t͡s]~[d͡ʒ] |
Ꮳ tsa | Ꮴ tse | Ꮵ tsi | Ꮶ tso | Ꮷ tsu | Ꮸ tsv | ||||
w [ɰ] |
Ꮹ wa | Ꮺ we | Ꮻ wi | Ꮼ wo | Ꮽ wu | Ꮾ wv | ||||
y [j] |
Ꮿ ya | Ᏸ ye | Ᏹ yi | Ᏺ yo | Ᏻ yu | Ᏼ yv |
Datamaskinell representasjon
[endre | endre wikiteksten]Cherokesisk er representert i Unicode, i områda U+13A0 til U+13FD og U+AB70 til U+ABFF.
|
|
Cherokesisk typesnitt er inkludert i Mac OS X, frå og med versjon 10.3 (Panther). Cherokesisk kan også bli lasta ned som gratis typesnitt frå languagegeek.com og frå Everson Mono.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |