Dumafolk
Adoumafolk eller dumafolk er ei etnisk gruppe i Gabon i Sentral-Afrika.[1] Dei bur hovudsakleg på den sørlege breidda av den øvre Ogooué-elva, i nærleiken av Lastoursville (som opphavleg var ein adoumalandsby), og er kjende som dyktige kanoførarar eller båtfolk. Dei snakkar duma, eit nzebi-språk i bantufamilien.[2]
Ifølgje overleveringane deira kom folket frå aust eller søraust, ned Sebe-elva til Ogooué, og deretter til Doumé-stryka.[3] Dei laga kanoar av okoumetre og sele slavar til okandéfolk, i bytte mot europeiske produkt som skytevåpen og tekstilar. Société du Haut-Ogooué (SHO) skipa ein post ved Lastoursville og handla meda doumafolk i gummi, elfenbein og ibenholt.[treng kjelde]
På 1970- og 1980-talet flytta mange adouma nedover Ogooué, i retning mot byen Port-Gentil.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Duma People of Gabon .» (på engelsk). Henta 15. september 2022.
- ↑ «Duma People of Gabon .» (på engelsk). Henta 15. september 2022.
- ↑ «Duma People of Gabon .» (på engelsk). Henta 15. september 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Duma people» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2024.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- David E. Gardinier, Historical Dictionary of Gabon, 2. utg. (The Scarecrow Press, 1994) s. 34-35.