Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Faust av Faust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faust
Studioalbum av Faust
Utgjeve 1971
Innspelt 21. september 1971
Studio Wümme (Bremen i Tyskland)
Sjanger
Lengd 34:07
Selskap Polydor
Produsent Uwe Nettelbeck
Faust-kronologi 
Faust Faust So Far
(1972)


Faust er debutalbumet til det tyske rockebandet Faust. Det vart spelt inn live den 21. september 1971 og gjeve ut seinare same året på Polydor Records. Sjølv om det aldri selde godt, fekk Faust mykje god omtale i musikkpressa.

I 1971 gjekk Polydor inn i ein avtale med Uwe Nettelbeck om å setje saman eit band som kunne konkurrere med artistar som The Rolling Stones, The Kinks og Small Faces. Før dei gav ut debutplata, sende Faust lydbanda til Polydor med alt frå studioeksperiment til innspelingar av folk som vaska opp.[1]

Den originale LP-plata kom ut på klår vinyl.

Utgjeving og mottaking

[endre | endre wikiteksten]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Pitchfork Media(9.0/10)[3]

AllMusic-skribenten Archie Patterson roste albumet deira og skreiv at «Innverknaden til Faust kan ikkje overvurderast. Debutalbumet deira var eit revolusjonerande steg framover i utviklinga av 'rock'». Han gav albumet fire og ei halv av fem stjerner og konkluderte med at «fantasinivået er svimlande, konseptet er heilt unikt og det er i tillegg morosamt å lytte til.»[2]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Why Don't You Eat Carrots?»Faust9:31
2.«Meadow Meal»Faust, Rudolf Sosna8:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«Miss Fortune»Faust16:35

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Faust

Teknisk
  1. Wilson, Andy. Faust - Stretch Out of Time. faust-pages.com. 2006. 32. Henta 5. august 2012.
  2. 2,0 2,1 Patterson, Archie. «Faust». AllMusic. Henta 25. juli 2020. 
  3. Leone, Dominique (2001). «Faust: Faust». Pitchfork Media. Henta 25. juli 2020.