Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Gaute Børstad Skjervø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gaute Skjervø)
Gaute Børstad Skjervø

Fødd2. juli 1995 (29 år)
Levanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
EktefelleHoda Imad
MedlemEkstremismekommisjonen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–) Sjå dette på Wikidata

Gaute Børstad Skjervø (fødd 2. juli 1995) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet frå Levanger.[1] Sidan oktober 2024 har Skjervø vore leiar av AUF,[2] og sit som varamedlem på Stortinget.[3]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Skjervø vart medlem i AUF i 2010, og har sidan hatt ei rekkje verv i arbeidarrørsla. Han har tidlegare vore nestleiar i Levanger AUF (2010–2012) og fylkesstyremedlem i AUF i Nord-Trøndelag (2010–2011). I 2011 vart han som 15-åring valt som fylkesleiar i AUF i Nord-Trøndelag. Under AUF sitt landsmøte i oktober 2018 vart han vald inn i sentralstyret, og var i perioden frå 2020 til 2024 nestleiar i organisasjonen.[4] Skjervø vart dinest innstilt som leiar av AUF september 2024,[5] og byrja i stillinga månaden etter.[2]

Skjervø overlevde terroråtaket på Utøya den 22. juli 2011.[6][7] Han har i tida etter 2011 vore ein av AUF sine sterkaste røyster i kampen mot rasisme og høgreekstremisme. Hausten 2019 vedtok AUF sitt sentralstyre å setja i gong eit prosjekt og setja ned eit eige 22 juli-utval som skulle sjå på korso organisasjonen skulle taka vare på arven etter 22. juli 2011. Det var fyrste gong ein slik gjennomgang vart gjord. Skjervø vart valt til å leia arbeidet.[8] Rapporten frå utvalet vart lagd fram for AUF sitt landsstyre den 20. august 2020, og seinare også for Arbeidarpartiet sitt landsstyre.[9] Han har også profilert seg i kampen for internasjonal solidaritet.

I perioden mellom 2019–2023 har han vore medlem av kommunestyret i Levanger Kommune.[10] I tillegg var han medlem av fylkestinget i Trøndelag Fylkeskommune,[11] der han var medlem i hovudutvalet for transport. Skjervø stod på 4. plass på Arbeidarpartiet si liste i Nord-Trøndelag til stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2019,[12] han har ved fleire høve møtt som vararepresentant.[1]

Skjervø vart i 2022 utnemnd som medlem i Ekstremismekommisjonen som Støre-regjeringa hadde oppretta.[13] Kommisjonen vart utnemnd for å auka kunnskapen om radikalisering og ekstremisme i Noreg. Kommisjonen hadde 16 medlemer frå ulike fagområde, og vart leidd av forskar Cathrine Thorleifsson.[13]

Andre verv

[endre | endre wikiteksten]

I juni 2023 vart Skjervø vald som visepresident i International Union of Socialist Youth (IUSY).[14]

Han har tidlegare yrkja som miljøarbeidar i Trondheim kommune, praktikant i Utanriksdepartementet og som rådgjevar i Framtiden i våre hender.

  1. 1,0 1,1 «Biografi: Skjervø, Gaute Børstad». Stortinget (på norsk). 9. mars 2008. Henta 18. oktober 2020. 
  2. 2,0 2,1 Birgitte Vågnes Bakken. «Gaute Børstad Skjervø (29) er ny AUF-leiar». framtida.no. Henta 30. oktober 2024. 
  3. «Biografi: Skjervø, Gaute Børstad». Stortinget (på norsk). 9. mars 2008. Henta 19. juli 2021. 
  4. NTB, (NTB) (18. oktober 2020). «Astrid Hoem valgt som ny leder av AUF». adressa.no (på norsk bokmål). Henta 18. oktober 2020. 
  5. Trond Odin Myhre Johansen. «Gaute Skjervø innstilles som ny AUF-leder» (på norsk bokmål). NRK. 
  6. Johansson, Anders Romsøy (6. juli 2017). «(+) Folk er folk, og Gaute er Gaute». innherred.no (på norsk bokmål). Henta 21. oktober 2020. [daud lenkje]
  7. Amund Rotbakken-Gundersen & Silje Kathrine Bjarkøy. «Gaute (29) overlevde terroren – en av få aktive igjen i AUF» (på norsk bokmål). NRK. Henta 5. september 2024. 
  8. «Arkivert kopi». auf.no. Arkivert frå originalen 27. oktober 2020. Henta 11. november 2020. 
  9. «Organisatorisk rapport, AUFs 22. juli-utvalg» (PDF). Henta 11. november 2020. 
  10. «Skjervø, Gaute Børstad - Levanger kommune». levanger.kommune.no. Arkivert frå originalen 18. oktober 2020. Henta 18. oktober 2020. 
  11. Aune, Erlend (3. juli 2020). «(+) Gaute er en travel og samfunnsengasjert ung mann. Nå går han også for topplederverv i AUF». innherred.no (på norsk bokmål). Henta 18. oktober 2020. 
  12. «Stortingsvalget 2017 i Nord-Trøndelag - Valglister med kandidater» (PDF). Fylkesvalgstyret i Nord-Trøndelag. Henta 12. november 2020. 
  13. 13,0 13,1 kontor, Statsministerens (10. juni 2022). «Regjeringen oppnevner ekstremismekommisjon». Regjeringen.no (på norsk). Henta 9. juni 2023. 
  14. «(+) Nominert til toppverv i internasjonal organisasjon: – Veldig stor ære». iLevanger (på norsk). 6. juni 2023. Henta 8. juni 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gaute Børstad Skjervø