Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Heidrunfeltet

Koordinatar: 65°19′N 7°20′E / 65.31°N 7.34°E / 65.31; 7.34
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidrunfeltet
Informasjon
Operatør Statoil
Produksjon Olje og naturgass
Tilknytt terminal Olje til Mongstad
Gass til Kårstø og Tjeldbergodden
Funnår
Oppstart Oktober 1995
Geografi og geologi
Plassering Haltenbanken i Norskehavet
Koordinatar 65°19′N 7°20′E / 65.31°N 7.34°E / 65.31; 7.34



Rettshavarar
Petoro 58,16 %

Norske ConocoPhillips 24,31 %
Statoil 12,41 %
Eni Norge 5,12 %

Heidrunfeltet er eit olje- og gassfeltHaltenbanken i den norske sektoren av Norskehavet, om lag 175 km vest for Kristiansund. Det er blitt utbygd av oljeselskapa ConocoPhillips og Statoil. Statoil er operatør for feltet. Feltet er bygd ut med ei flytande strekkstagsplattform i betong, Heidrun TLP.

Feltet blei funne av ConocoPhillips i 1985 og produksjonen starta i oktober 1995. Olja på Heidrun blir overført til tankskip på feltet og i hovudsak skipa til Mongstad, samt noko til Tetney i Storbritannia. Naturgassen går i røyrleidningar til Tjeldbergodden og sidan 2001 via Åsgard transport til Kårstø. På Tjeldbergodden vert gassen nytta som råstoff i metanolfabrikken til Statoil. Frå Kårstø går gassen vidare til Dornum i Tyskland. Frå feltet til Dornum er avstanden 1400 km.

I alt er det planlagt 76 brønnar på hovudfeltet, 51 for produksjon og 24 for vassinjeksjon, samt ein for gassinjeksjon. I august 2000 starta produksjonen på nordflanken av Heidrunfeltet. Vass- og gassinjeksjonsbrønnane gjer at det ikkje kjem skadelege utslepp frå Heidrunplattforma, slik som tidlegare var vanleg. Vatn med oljepartiklar og kjemikaliar vert pumpa ned i reservoaret igjen og medverkar òg til auka trykk, slik at utvinninga aukar.

Det er den storproduserande geita Heidrun i norrøn gudetru som har gjeve namn til feltet.