Jerry Lee Lewis (Elektra)
Jerry Lee Lewis Studioalbum av Jerry Lee Lewis | ||
Utgjeve | 1979 | |
Innspelt | 4-7. januar 1979; Los Angeles i California | |
Sjanger | ||
Selskap | Elektra | |
Produsent | Bones Howe | |
Jerry Lee Lewis-kronologi | ||
---|---|---|
Jerry Lee Keeps Rockin'
(1978) |
Jerry Lee Lewis | When Two Worlds Collide
(1980)
|
Jerry Lee Lewis er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Elektra i 1979.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha vore 15 år på Mercury, byta Lewis til Elektra i 1978. Lewis hadde gått lei den overprodusserte countrymusikken han spelte for Mercury og den nye produsenten Bones Howe byrja å spele inn musikk med Lewis i januar 1979 i Los Angeles. Howe, som hadde arbeidd med Elvis Presley tidlegare og produsert album for Tom Waits og Juice Newton, sette i saman eit enklare band (inkludert den tidlegare Elvis-gitaristen James Burton) som likna bandet Lewis brukte på turné. Resultatet vart det beste Lewis hadde fått på fleire år. Singelen «Rockin' My Life Away» nådde berre 18. plassen på countrylista, men vart ein konsertfavoritt.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Jerry Lee Lewis fekk god kritikk, men selde ikkje så bra. Det nådde 23. plassen på countrylista til Billboard og berre 186. plassen på Billboard Topp 200.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Don't Let Go» | Jesse Stone | |
2. | «Rita May» | Bob Dylan, Jacques Levy | |
3. | «Every Day I Have to Cry» | Arthur Alexander | |
4. | «I Like It Like That» | Allen Toussaint, Chris Kenner | |
5. | «Number One Lovin' Man» | Jim Cottengim |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Rockin' My Life Away» | Mack Vickery | |
7. | «Who Will the Next Fool Be» | Charlie Rich | |
8. | «(You've Got) Personality» | Harold Logan, Lloyd Price | |
9. | «I Wish I Was Eighteen Again» | Sonny Throckmorton | |
10. | «Rocking Little Angel» | Jimmie Rogers |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jerry Lee Lewis - vokal, piano
- James Burton - elektrisk gitar, dobro
- Kenny Lovelace - akustisk & elektrisk gitar, fiolin
- Tim May - akustisk & elektrisk gitar
- Dave Parlato - bass
- Hal Blaine - trommer, perkusjon
- Ron Hicklin Singers - korvokal
- Bob Alcivar - strykearrangement, dirigent
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jerry Lee Lewis (Elektra album)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2018.