Leganés
Utsjånad
Leganés | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Madrid | ||||
Provins | Madrid | ||||
Grunnlagd | 1280 | ||||
Borgarmeister | Rafael Gómez Montoya | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
43,1 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
184 209 4 274 /km² | ||||
Koordinatar | 40°19′N 3°46′W / 40.317°N 3.767°W | ||||
Høgd over havet | 665 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 28910-28919 | ||||
Nettstad: Gómez Montoya Rafael Gómez Montoya |
Leganés er ein by sentralt i Spania. Han er ein del av storbyområdet rundt Madrid og er i røynda ein arbeidarklasseforstad med kring 185 000 innbyggjarar. Han ligg 10 km sørvest for sentrum av Madrid.
Det ligg ei avdeling av Universidad Carlos III i byen, grunnlagd i 1989.
Parquesur er eit av dei største kjøpesentra i Europa og ligg i Leganés.
Leganés har ei gate som heiter AC/DC til ære for det australske rockebandet AC/DC. Bandet vitja byen for å innvie gata. Gateskiltet vart ofte stolen, før byrådet valde å måle det på ein vegg i staden for å erstatte skiltet om att og om att.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2002-12-01 ved Wayback Machine.
- Universitetet Carlos III i Madrid
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leganés» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2009.