Leif Eriksen
Leif Eriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mai 1940 Oslo |
Død | 31. januar 2024 (83 år) Oslo |
Idrett | fotball |
Leif Eriksen (14. mai 1940–31. januar 2024) er ein tidlegare fotballspelar og -trenar frå Oslo. Han vart seriemeister med Vålerengen IF I 1965. Tida 1964-68 deltok han i fire av Noregs landskampar. Eriksen var trenar for Vålerengen-laget som vart cupmeister 1980 og seriemeister 1981.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel og trenargjerning
[endre | endre wikiteksten]Eriksen var indreløpar i angrep. Etter juniorlagsfotball 1957, spelte han i 1958 seg til fast plass på Vålerengen sitt fotballag i landsdelsserien (nivå 2) Østland Nordre. Laget rykte i 1959 opp i Hovudserien. To år seinare slo Vålerengen byrival Lyn 6–4 i bronsefinalen i Hovudserien. 1963 skåra Eriksen 16 seriemål på 18 kampar og vart toppskårar i 1. divisjon. Høgdepunktet for Eriksen kom då Vålerengen i 1965 gjekk til topps i 1. divisjon, klubbens fyrste store triumf på fotballbana. Einar Bruno Larsen, Nils Arne Eggen og Arild Mathisen var mellom dei andre VIF-triumfatorane.
Etter ein svak 1968-sesong og nedrykk for Vålerengen, forlet Eriksen laget. I 1969 og 1970 var han spelande trenar i Eidsvold Turn, førte laget til opprykk til 2. divisjon. 1971 og -72 var han trenar for Vålerengen, som også rykte opp frå 3. til 2. divisjon. Perioden 1973-78 var han etter tur trenar i Skiold, Jevnaker IF og IK Skeid. Han tok Skeid frå 2. til 1. divisjon. 1979-81 var Eriksen atter VIF-trenar. Han leia laget i siger i Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 1980 og i 1981 til klubbens andre triumf i 1. divisjon fotball for menn. Sidan var han Bærum-trenar 1982-84.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Eriksen deltok i 4 landskampar, i tre av dei som innbytar. I debuten mot Irland 13. mai 1964, reduserte han til 1–2 då gjestande Irland vann 4–1 på Ullevaal stadion. Etter to nye landslagstap i juni 1967, fekk han endeleg vere med på ein siger. 18. august 1968 spelte han heile andre omgang då Finland måtte tole eit 1–4 tap.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1965: Vålerengen IF
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Leif Eriksen, international football player ved eu-football.info