Magdalena
Utsjånad
(Omdirigert frå Magdalene)
Magdalena og Magdalene er eit kvinnenamn avleia av bynamnet Magdala, etter ein by ved Geneseratsjøen. Magdala skal tyde 'tårn', på hebraisk Migdal. Namnet skriv seg frå Maria Magdalena i Bibelen.
Namnet har gjeve opphav til mange kortnamn, blant dei Malene, Magda, Malin og Lena. Andre variantar er til dømes Madeleine og Madalena.
Namnet Magdalenius er òg kjend som mannsnamn i Troms.
Den fulle forma av namnet var noko utbreidd i Noreg i 1900, men i dag er det mange fleire som brukar ei av kortformene av namnet:
- I 1801 var det etter folketeljinga nær 560 som het Magdalena/Magdalene.
- I 1900 var det etter folketeljinga om lag 2240 som het Magdalena/Magdalene.
- I 2007 var det vel 360 med namnet Magdalena, medan knapt 100 hadde Magdalene til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Maria Magdalena, kvinne som følgde Jesus i Nytestamentet og i kristen førestilling
- Anna Magdalena Bach (1701–1760), tysk songar
- Magdalena Suarez Frimkess (fødd 1929), venezuelansk keramikar
- Magdalena Abakanowicz (fødd 1930), polsk bilethøggar
- Magdalena Frackowiak (fødd 1984), polsk modell
- Magdalena Neuner (fødd 1987), tysk skiløpar
- Magdalena Berny, polsk fotograf
- Magdalena Bors, australsk kunstnar
- Magdalena Wosinska, amerikansk fotograf
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Madalena hjå Statistisk Sentralbyrå