Marta
Utsjånad
(Omdirigert frå Martha)
Marta og Marte er kvinnenamn av arameisk opphav, kjend frå Bibelen. Marte og Marta har norsk namnedag den 17. oktober.
Det arameiske Martâ (מַרְתָּא) er kjend frå Nytestamentet. Det tyder 'frue'. Dei kan også vera kortformer av Margareta.
Andre stavemåtar er Martha, Marthe, Märta og Märtha.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]
|
Forma «Martha» var vanleg i Noreg på 1700- og 1800-talet. «Marta» var mest brukt på slutten av 1800-talet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Marta frå Betania, nemnd i Nytestamentet, syster av Lasarus og Maria
- St. Martha (500-talet), ortodoks helgen
- Marta Steinsvik (1877–1950), norsk forfattar
- Marthe Bibesco (1888–1965), rumensk-fransk forfattar under namnet Princesse Bibesco
- Martha Graham (1894–1991), amerikansk dansar og koreograf
- Märtha Sophia Lovisa Dagmar Thyra (1901–1957), svenskfødd kronprinsesse av Noreg
- Marta Eggerth (f. 1912), ungarsk-amerikansk songar
- Marta Schumann (1919–1994), norsk forfattar
- Märta Tikkanen (f. 1935), finlandssvensk forfattar
- Martha Argerich (f. 1941), argentinsk pianist
- Martha Stewart (f. 1941), amerikansk forretningskvinne
- Marte Sæther (f. 1944), norsk dansar og pedagog
- Marta Norheim (f. 1955), norsk journalist og litteraturkritikar
- Márta Sebestyén (f. 1957), ungarsk songar
- Prinsesse Märtha Louise (f. 1971), norsk kongeleg
- Marta Vieira da Silva (f. 1985), brasiliansk fotballspelar, kjend berre som Marta
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Fru Marta Oulie (1907) er ein roman av Sigrid Undset.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Marta – kvinnenavn» i Store norske leksikon, snl.no.
- Fotnotar
- ↑ «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå. Statistikk for navn i Norge
- ↑ «Digitalarkivet». Arkivverket. Folketellinger i Norge