Noregs idrettshøgskole
Noregs idrettshøgskole | |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 971526033 | ||
Grunnlagd | 1870 | ||
Kommune | Oslo kommune | ||
Elevar | 1 446 | ||
Tilsette | 216 | ||
Nettstad | http://www.nih.no | ||
Norges idrettshøgskole 59°58′00″N 10°43′57″E / 59.966799°N 10.732559°E |
Noregs idrettshøgskole er ein statleg vitskapleg høgskule i Oslo for tverrfagleg og fleirfagleg forsking og høgare utdanning på det idrettsvitskaplege fagområdet. Fagfeltet femner om organisert idrett, kroppsøving, dans, friluftsliv, mosjon og trening i alle former, sett i perspektiv av naturvitskap, samfunnsvitskap, humaniora og medisin. Skulen har fem ulike bachelorgradsutdanningar, fire årsstudiar og fire mastergradsprogram. Studieprogramma utdannar til slikt arbeid som har å gjere med idrett, skuleverk, helsevesen, offentleg forvalting, forsvaret, private tiltak og anna, og dessutan innan høgare utdanning og forsking. Forskinga ved høgskulen støttar opp om studieprogramma ved skulen og skal dessuten stette dei krava samfunnet har om å få meir viten og auka kompetanse på feltet. Skulen skal difor formidle relevant kunnskap til samfunnet.
Høgskulen har fem fagseksjonar og to forskingssenter, Senter for idrettsskadeforskning og Forskningssenter for trening og prestasjon, som er integrert i verksemda. Båe sentera mottek stønad frå Kulturdepartementet.
Høgskulens bygg og idrettsanlegg ligg ikkje langt frå endestasjonen Sognsvann på T-banelinja Sognsvannsbanen, i nærleiken av Sognsvann i Oslo. Frå skulen er det såleis stutt veg til skiløypenettet, sykkelvegnettet, stigar og turvegar med meire i skogs- og friluftsområda i Nordmarka, med alle dei føremonene dette byr på for studentar i idrett.