Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Observatoire de Nice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovudkuppelen til Observatoire de Nice
76-centimeter-refraktorteleskopet

Observatoire de Nice er eit observatorium i Nice i Frankrike. Det ligg på toppen av Mont Gros. Observatoriet blei starta i 1879 av bankieren Raphaël Bischoffsheim. Arkitekten var Charles Garnier, og Gustave Eiffel designa kuppelen.

76-centimeter-refraktorteleskopet som kom i drift i 1888 var på den tida det største teleskopet i verda. Det blei passert i størrelse eitt år seinare av 91-centimeter-teleskopet på Lick-observatoriet i California i USA.

Som ein vitskapleg instutisjon eksisterer ikkje Observatoire de Nice lenger; han blei samanslegen med CERGA i 1988 og danna då Observatoire de la Côte d'Azur.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]