Perspektivteikning
Perspektivteikning (av latin perspicere, 'sjå gjennom, sjå tydeleg') er ei grein av geometrien som er eit møtepunkt for kunst og matematikk. Konstruksjon av perspektiv vert nytta for å formidle illusjon av ein tredimensjonal røyndom på ei todimensjonal flate (til dømes eit papirark).
Eit aspekt ved perspektiv er forkorting.
Romperspektiv
[endre | endre wikiteksten]To viktige kjenneteikn ved den romlege perspektivforståing er:
- Romleg forkorting (perspektivforkorting), der gjenstandar verkar forvreid og forkorta ut når dei blir betrakta frå ein vinkel.
- Gjenstandar ser mindre ut når avstanda til betraktaren blir større, altså når dei er lengre vekke frå den som ser.
Sentralperspektiv
[endre | endre wikiteksten]Eit system der avstand kunne framstillast på ein vitskapleg måte blei laga av Filippo Brunelleschi (1377-1446), ein italiensk arkitekt. Dette systemet inneheld iakttakinga at i høgda med augo til betraktaren synest alle parallelle linjer som spring gjennom rommet i rett vinkel mot motivet, å konvergere sentralt. Dei parallelle linjene heiter ortogonalar. Desse gjer eit geometrisk nettverk som definer biletrommet. Brunelleschis oppfinning kom til å opphøge målarkunst til ein vitskap.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- perspektivtegning i Store norske leksikon. Henta 2012-01-17.
- Denne artikkelen bygger på «Perspektiv (kunst)» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2012.