Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Sapfisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sapfisk prideflagg.

Sapfisme er ei samlenemning for kvinner som blir tiltrekte av, eller er i forhold med, andre kvinner. Dette omfattar all romantisk kjærleik mellom kvinner, uavhengig av den seksuelle orienteringa deira.[1][2]

Nemninga omfattar hovudsakleg lesbiske og bifile kvinner, men inkluderer også aseksuelle og aromantiske kvinner som blir tiltrekte av andre kvinner, og dessutan panfile kvinner.[2]

Nemninga har vore i bruk sidan 1890-åra, etter funn seint på 1800-talet av nokon verk av Sapfo (ca. 600 fvt.), ein gresk kvinneleg poet som skreiv om kjærleiken mellom kvinner og sine eigne homoseksuelle lidenskapar. Sapfisk vart eit adjektiv for beskriva kvinner som følelsesmessig eller seksuelt føretrekte andre kvinner.[1][3][4] Sapfo vart fødd på den greske øya Lésvos, nemningane «sapfisk» og «lesbisk» er avleidde av dette.[5][6]

Verket til Sapfo er ein av dei få eldre omtalane av den typen kjærleik som sidan blir omtalt som sapfisk kjærleik. Sapfo sin poesi er eit uvanleg historisk døme på kvinneleg seksualitet skilt frå reproduksjon, men omhandlar kvinner som elskar andre kvinner.[7][8]

  1. 1,0 1,1 Hamou, Yasmine (27. april 2022). «What Does It Mean to Be Sapphic?». Them (på engelsk). Henta 18. juni 2024. «After a few scrolls of Sappho’s poems were discovered in the late 1800s, “sapphic” became an adjective to describe women whose emotional and sexual preferences were other women. It wasn't until the 1950s, however, that “sapphic” became a popular term to describe women who loved women in the U.S. […] While many lesbians claim sapphic identity, it’s important to note that there is a distinction between being a lesbian and being sapphic. While lesbians can be sapphics, not all sapphics are lesbians.» 
  2. 2,0 2,1 Shearing, Lois (8. desember 2023). «What does it mean to be 'sapphic'». Cosmopolitan (på engelsk). Henta 18. juni 2024. «Broadly speaking, ”sapphic” is used as a broad term that captures the vibe of queer attraction to women “The term is a warm and welcoming umbrella, and includes many orientations including lesbians, bisexual and pansexual women, both cis and trans.” Explains Robyn Exton, CEO of the dating app HER.» 
  3. «Etymology of Sapphic». Etymonline (på engelsk). Henta 3. juni 2024. 
  4. Torres, Bolívar (26. juni 2021). «Identidade sáfica: como uma poeta nascida há 2 mil anos virou referência nos estudos de gênero». O Globo (på portugisisk). Henta 3. juni 2024. «Trata-se de um termo guarda-chuva cunhado para englobar todas as mulheres que tenham atração, exclusiva ou não, por outras mulheres.» 
  5. «sapphism». Oxford Reference (på engelsk). Oxford University Press. doi:10.1093/oi/authority.20110803100441631. Henta 3. juni 2024. «Named after the lyric poet Sappho (born about 650 bc) who lived on the Greek island of Lesbos and expressed love for women in many of her poems» 
  6. Doble, Flora (27. juli 2020). «Sapphic Sexuality: Lesbian Myth and Reality in Art and Sculpture». Art UK (på engelsk). Henta 28. april 2024. «The modern identification of Sappho with female homosexuality is, in fact, so strong that the words 'sapphic' and 'lesbian' are derived from her own name and the name of her home island of Lesbos respectively.» 
  7. Reynolds, Margaret (15. desember 2010). The Sappho Companion (på engelsk). Random House. ISBN 978-1-4464-1376-0. 
  8. «Cosas que debes saber sobre las mujeres sáficas». Saficosmos (på spansk). 14. august 2023. Henta 3. juni 2024. «Sin embargo, en septiembre de 2020, la profesora de sociología de la Universidad Ambedkar en Dehli, Niharika Banerjea, explicó que el término tiene que ver con los principios de «mujeres que aman a otras mujeres» (WLW, por sus siglas en inglés).»