Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Verft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skipsverft)
Veras største borerigg - H6e-riggen Aker Spitsbergen, bygd for Aker Drilling, under bygging ved Aker Stord våren 2008
Rosenberg skipsverft i Stavanger

Verft, eller verv, er industriføretak som byggjer eller reparerer skip. Dei første kjende skipsverfta vart tufta i India for meir enn 4000 år sidan.

Inntil den industrielle revolusjonen bygde skipsverft skip med tre som byggjemateriale, men frå 1800-talet nytta ein støtt meir jern og stål.

I dag finn ein dei leiande skipsverfta for kommersielle skip i Asia, men den er enno ei rekkje større og mindre verft i Europa og USA. Desse byggjer gjerne marinefartøy og spesialiserte fartøy. I Noreg er verftsindustrien i dag sterkt engasjert med arbeid for oljeindustrien.

Norske verft ordna etter omsetnad

[endre | endre wikiteksten]
Namn Stad Fylke Tilsette Omsetnad Driftsresultat
Kleven Verft Ulsteinvik Møre og Romsdal 226 (2009) 3 468 mill (2009) 163 mill (2009)
Aker Stord Stord Hordaland 1081 (2009) 2 402 mill (2009) -486 mill (2009)
Ulstein Verft Ulsteinvik Møre og Romsdal 411 (2009) 2 348 mill (2009) 348 mill (2009)
West Contractors Ølensvåg Rogaland 56 (2009, konsern) 2 037 mill (2009) 164 mill (2009)
Havyard Leirvik Leirvik i Sogn Sogn og Fjordane 450 (2009) 1 649 mill (2009) 18 mill (2009)
Bergen Group BMV Bergen Hordaland 241 (2009) 1 470 mill (2009) 69 mill (2009)
STX Norway Florø Florø Sogn og Fjordane 26 (2009) 1 368 mill (2009) -7 mill (2009)
Aker Egersund Egersund Rogaland 491 (2009) 1 048 mill (2009) 112 mill (2009)
Bergen Group Rosenberg Stavanger Rogaland 481 (2009) 928 mill (2009) 66 mill (2009)
Myklebust Verft Gursken Møre og Romsdal 126 (2009) 566 mill (2009) -10 mill (2009)
Aker Verdal Verdal Nord-Trøndelag 371 (2009) 546 mill (2009) -251 mill (2009)
Umoe Mandal Mandal Vest-Agder 151 (2009) 209 mill (2009) -74 mill (2009)