Skomakar, sit med din lest
Utsjånad
(Omdirigert frå Skomakar, bli ved din lest)
Skomakar, sit med din lest[1] eller bli ved din lest[2] er eit norsk ordspråk som nærast kan tyda 'hald deg til det du kan' og 'prøv ikkje på noko nytt som du ikkje meistrer'.
Uttrykket har opphav i det latinske sutor, ne ultra crepidam. Plinius den eldre fortel i si Naturalis Historia [XXXV, 85[3] (Loeb IX, 323–325)] at den greske målaren Apelles utbraut dette etter at ein skomakar skal ha sagt noko om fottøyet i eit av bilda hans, før han byrja å kritisera heile bildet. I teksten til Plinius seier han ne supra crepidam sutor iudicare.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aasen, Ivar (1856). Norske Ordsprog. Werner. s. 77.
- ↑ «leist» i Nynorskordboka.
- ↑ Simpson, John (2009). A Dictionary of Proverbs (5 utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-199-53953-7; ISBN 978-0-19953-953-6.
- Denne artikkelen bygger på «Sutor, ne ultra crepidam» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2018.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 981.