Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Tiår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning som tek for seg 2000-åra.

Tiår, decennium eller desennium (frå latin decem, 'ti' og annum, 'år'), er ein periode på ti år. På norsk vert helst ordet bruka om eit kalendertiår, som 1980-åra, men i prinsippet kan eit tiår starta kva tid som helst og rekkja over to kalendertiår (som frå 2009 til 2018). Ein kan omtala kalendertiår som -åra eller -talet, men sistnemnde kan føra til forvirring ved det første tiåret av kvart hundreår (som 2000-åra2000-talet). Ei vanleg kortform er å ikkje ta med hundretalet, som «sekstiåra», men dette kan nokre gonger gje forvirring om kva hundreår ein siktar til.

Ein har særleg tala om kalendertiår frå 1800-talet av, og mange av dei har fått tilnamn, som «det glade tjuetalet», «det harde trettitalet» eller «det svingande sekstitalet».

Oversyn over tiår

[endre | endre wikiteksten]