Tubruq
Utsjånad
(Omdirigert frå Tobruk)
Tubruq | |
---|---|
Tubruq | |
Styresmakter | |
Land | Libya |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2011) |
135 832 |
Koordinatar | 32°4′34″N 23°57′41″E / 32.07611°N 23.96139°E |
Høgd over havet | 50 m |
Plassering | |
Tubruq eller Tobruk er ein by i austlege Libya ved Middelhavet, om lag 155 kilometer frå grensa til Egypt. Han har ein oljeleidning frå Sarir-feltet og ei petroleumshamn. I tillegg har byen eit avsaltingsanlegg for havvatn og eit varmekraftverk. I 2005 hadde byen eit innbyggjartal på 121 000.
Tubruq vart hærteke av Italia i 1911 og nytta som base for hæroperasjonar i sør. Under andre verdskrigen spela byen ei rolla som festning og orlogshamn. Byen vart hærteke av britane i januar 1941, av aksemaktene 21. juni 1942, men kom endå ein gong under britisk kontroll 13. november same året. Byen fekk store skadar, men vart seinare bygt opp att.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Tubruq» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.