Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Verdens Gang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå VG)
«VG» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå VG (fleirtyding).
Verdens Gang

TypeDagsavis
FormatTabloid
Oppretta23. juni 1945
Første trykk23. juni 1945
MålformBokmål
EigarskapSchibsted ASA (100%)
Opplag138 188 (2014) 
RedaksjonskontorAkersgata 55
Postnummer0180
StadOslo
Ansvarleg redaktørTorry Pedersen  (2011)
Politisk redaktørHanne Skartveit  (2009)
NyhenderedaktørHelje Solberg  (2009)
Kulturredaktør ()
NettstadVG.no
Verdens Gang sitt kontorbygg i Akersgata.
VG-mannen.

Verdens Gang (VG) er ei norsk avis, i daglegtale kalla VG. Verdens Gang var i 2004 den største avisa i Noreg. Ansvarleg redaktør for VG er Gard Steiro.[1]

Verdens Gang si nettavis var i 2004 den største norskspråklege nettavisa føre NRK si nettavis. Sistnemnde var dessutan den andre norske avisa som lanserte si nettutgåve.

Medlemer av motstandsrørsla starta avisa kort tid etter frigjeringa i 1945. Første nummer av avisa kom ut 23. juni 1945. Avisa er partipolitisk uavhengig. VG er i dag eigd av mediekonsernet Schibsted, som òg eig Aftenposten i tillegg til postar i dei fleste større norske regionaviser.

8. november 2014 klokka 10.00 starta Verdens Gang sendingar på norsk fjernsyn, men ein har berre tilgang til kanalen om ein er kunde hjå Canal Digital.[2]

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[3]

År Nettoopplag
2000 375 983
2001 387 508
2002 390 510
2003 380 190
2004 365 266
2005 343 703
2006 315 549
2007 309 610
2008 284 414
2009 262 374
2010 233 295
2014 138 188
  1. «Dette er VG» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 14. mars 2023. 
  2. «VG med ny TV-kanal». Canal Digital. 2. juli 2014. Henta 8. oktober 2014. 
  3. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Verdens Gang