Viskoelastisitet
Utsjånad
Viskoelastisitet er ein eigenskap ved material som syner både viskøse og elastiske karakteristikkar når dei vert deformerte. Viskøse stoff, som honning, vil endre form når dei vert utsett for ei spenning. Elastiske material går raskt attende til den originale forma si når dei vert utsett for ei spenning og spenninga forsvinn. Viskoelastiske stoff har element av begge desse, så deformeringa av slike stoff er avhengig av kor lenge dei vert utsette for ei spenning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Viscoelasticity» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Silbey and Alberty (2001): Physical Chemistry, 857. John Wiley & Sons, Inc.
- Allen and Thomas (1999): "The Structure of Materials," 51.