Vladimir Belousov
Vladimir Belousov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 14. juli 1946 (78 år) Pugarevo |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1968 |
Utmerkingar | «Arbeidets helt«-medaljen, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Vladimir Pavlovitsj Belousov (russisk: Владимир Павлович Белоусов) (fødd 14. juli 1946) er ein russisk, tidlegare skihoppar frå Vsevolozjsk som tevla for Sovjetunionen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Belousov overraska stort då han gjekk heilt til topps i storbakkerennet under OL 1968 i Grenoble 1,9 poeng framom Jiří Raška frå Tsjekkoslovakia og 17 poeng framom bronsemannen, nordmannen Lars Grini. Rett nok hadde han vorte nummer åtte i normalbakken, men hadde elles inkje noko å vise til i internasjonal hoppsport. Nokre veker seinare vann han Holmenkollrennet, med over fire poengs margin til Bjørn Wirkola.
Belousov vart nummer seks i den tysk-austerrikske hoppveka 1968/69. I 1970 kom han på tredjeplass i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen, bak vinnaren Jiří Raška og sin eigen landsmann Anatolij Zegljanov. Same sesongen kom han på sjetteplass i normalbakken under ski-VM, der landsmannen Garij Napalkov vart verdsmeister. Sist i VM-sesongen gjentok han prestasjonen frå Holmenkollrennet to år tidlegare, då han sigra, eit halvt poeng føre verdsmeister Napalkov. I mellomtida hadde han gått til topps i Lahti med god margin til toaren, norske Ingolf Mork.
Han la opp etter 1971-sesongen.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1968 i Grenoble: Gullmedalje i storbakken
- VM 1970 i Štrbské Pleso: Nr 6 i normalbakken
Kjelder og bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- (en) Vladimir Belousov – Profil og resultatoversikt hos FIS