N
Utsjånad
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Bokstaven N (n) er den 14. bokstaven i det latinske alfabetet og den 13. bokstaven i det greske alfabetet (N ν). Bokstaven stammar frå fønikisk. Det semittiske namnet var nun, som vart omdanna av grekarane til ny. I den opphavlege biletskrifta var teiknet ein fisk. Romarane kalla bokstaven en. I det eldre runealfabetet han det 10. teiknet, medan han er det 8. teiknet i den y ngre rekka. Bokstaven syner til ein nasal lyd (naselyd).
N kan vise til
[endre | endre wikiteksten]- kan vera symbol for avogadros tal.
- eit symbol for eininga Newton i SI-systemet og er definert som krafta som gjev ein masse på 1 kg ein akselerasjon på 1 m/s².
- N, symbol for nøytrontal, dvs. talet på nøytron i ein atomkjerne.
- i matematikken symbol for mengda av dei naturlege tala, det vil sei 1, 2, 3,...
- symbol for talet på partiklar i eit system.
- nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Noreg
- på tyske bilskilt: Nürnberg
n kan vise til
[endre | endre wikiteksten]- symbol for SI-prefikset nano, som skreiv føre eit einingssymbol tyder at eininga skal multipliserast med 10-9, dvs. ein milliarddel.
- n, symbol for brytingsindeks.
- i atomfysikk symbol for hovudkvantetal
- symbol for partikkeltettleik.
- symbol for nøytron.
- i grammatikken forkorting for nøytrum (inkjekjønn).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«N – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.