Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 12
Denne versjonen ble publisert av Vebjørn Sture 30. desember 2022. Artikkelen endret 32 tegn fra forrige versjon.

Nanjing er ein by i Kina og hovudstad i provinsen Jiangsu. Nanjing ligg ved den sørlege breidda av Chang Jiang (Changelva), ca. 240 kilometer frå munningen. I storbyregionen bur det 7 369 000 innbyggjarar (estimat for 2015, FNs befolkningsdivisjon).

Nanjing har gjennom hundrevis av år spelt ei viktig rolle som senter for handel, kultur, administrasjon og utdanning i Aust-Kina og vore eit viktig transportknutepunkt. Etter etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949 bygde styresmaktene opp ein omfattande tungindustri med jern- og stålverk, kjemisk industri, kunstgjødselproduksjon, metallurgisk industri og produksjon av maskiner, køyretøy og instrument, og dessutan tekstil- og porselensindustri. Etter at den kinesiske økonomien blei opna, har fleire utanlandske føretak etablert seg i byen, mellom anna fleire bilfabrikkar.

Byen er framleis eit universitets- og høgskulesenter og den største elvehamna i Kina. Jernbanen ShanghaiBeijing, fullført i 1918, kryssa Changelva med ferje (Nanjing–Pukou) inntil 1968. Då blei ei 6700 meter lang jernbane- og vegbru opna. Turistindustrien er under utvikling. Attraksjonar er delar av den gamle bymuren, gravene til dei første Ming-keisarane og Sun Yat-sens gravmæle.

Nanjing var hovudstad for ei rekkje smårike, men namnet daterer seg frå 1368, då byen blei gjord til hovudstad av den første Ming-keisaren. Her blei den første av fleire ubalanserte traktatar med vestmaktene underteikna i 1842, etter at byen blei okkupert av britane under opiumskrigen. Nanjing blei igjen hovudstad under nasjonalistane (sjå Republikken Kina) i åra 1927–1937 og 1945–1949. Japanarane okkuperte byen i perioden 1937–1945. I 1937 fann den såkalla Nanjing-massakren stad i og rundt byen, då japanske okkupasjonsstyrkar drap ein stad mellom 40 000 og 300 000 personar. Denne hendinga er framleis ei belastning for forholdet mellom Kina og Japan.