Kari Mangrud Alvsvåg er ein norsk teolog og biskop. Sidan 2022 har ho vore biskop i Borg bispedømme.
Utdanning
Alvsvåg er utdanna cand.theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn) i 1998. Ho ble ordinert i 1999.
Karriere
Alvsvåg var sjømannsprest i Dubai frå 1999 til 2002, lektor og sosialfaglig rådgjevar kombinert med teneste som prostiprest i Vestre Borgesyssel prosti i åra 2002-2007 og vikar for kapellanen i Moss frå 2008 til 2009. Ho var seniorrådgjevar med ansvar for trusopplæring ved bispedømmekontoret i Borg frå 2009, prost i Søndre Borgesyssel prosti frå 2012, domprost i Fredrikstad Domprosti frå 2020 til ho blei tilsett som biskop.
Kari Mangrud Alvsvåg har mellom anna engasjert seg i dialogarbeid mellom muslimske og kristne trussamfunn.