Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Hallgeir Elstad 28. august 2023. Artikkelen endret 16 tegn fra forrige versjon.

Ragnhild Jepsen er ein norsk teolog og biskop. Ho er biskop i Bjørgvin bispedømme sidan 2023.

Jepsen har teologisk embetseksamen frå Det teologiske menighetsfakultet (MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn) i 1995 og praktisk-teologisk eksamen same stad i 1997.

Ragnhild Jepsen var kapellan i Åmot i Hamar bispedømme frå 1997, kapellan i Nidaros domkyrkje frå 2003, sokneprest same stad frå 2006. Ho var domprost i Nidaros frå 2011. 16. april 2023 blei ho vigsla til biskop i Bergen domkyrkja. Ho er den første kvinna i dette embetet.

Jepsen har vore prosjektleiar for ei rekkje arrangement og feiringer i Nidaros domkyrkje. Ho har vore styremedlem i Stiftelsen Olavfestdagene sidan 2009 og medlem av styringsgruppa for Nasjonaljubileet 2030 sidan 2016.