Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 41
Denne versjonen ble publisert av Olav Garvik 13. juli 2024. Artikkelen endret 98 tegn fra forrige versjon.

Nordlys er ei norsk regionavis som kjem ut i Tromsø, i papirformat alle kvardagar, og som nettavis som vert kontinuerleg oppdatert. Avisa blei grunnlagd i 1902 og er eigd av Amedia.

Avisa er den største i Nord-Noreg og dekkjer i hovudsak Troms og deler av Finnmark. Nordlys samarbeider tett med andre Amedia-aviser i landsdelen, særskild om nettstaden Nord24.

Nordlys innførte i 2014 ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar. Avisa var elles tidleg ute med å produsere redaksjonelt stoff på ulike digitale flater. I 2018 vart nettavisa Tromsø By starta som eit tilbod spesielt mynta på innbyggjarane i byen.

Nordlys produserer fleire podkastar, mellom anna fotballpodden «FireFire Blod» og aktualitetspodden «Søkelys. Silje og Skjalg». Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på papir og nett var 69 082 i fjerde kvartal i 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

I 1902 grunnla presten Alfred Eriksen avisa Nordlys på Karlsøy i Troms. Eriksen var ordførar og hadde i lengre tid utfordra handelsmannsherredømmet i regionen. Nordlys blei ein plattform for ei rørsle med basis i fiskarbondesamfunna i Troms som samla seg om Arbeidarpartiet og laga eit politisk jordskjelv i 1903, med over 60 prosent oppslutning i landdistrikta, og alle dei tre stortingsmandata, med Eriksen i spissen. Stortingsvalet i 1903 blei både i samtida og seinare sett som eit tidsskille, ved at den organiserte arbeidarrørsla for fyrste gong blei representert i nasjonalforsamlinga.

Avisa var frå starten eit organ for Arbeidarpartiet, sjølv om det ikkje blei formalisert før i 1911. Etter at Eriksen kom på Stortinget, flytta avisa til Tromsø. Nordlys spelte ei viktig rolle for å utvikle ein felles identitet blant arbeidarane i ein by som no gjekk gjennom ei rask transformasjon frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn.

På 1910-talet etablerte avisa seg klart på arbeidarrørslas venstre fløy, særleg markert under redaktøren Peder Kaasmoli, som gjekk til NKP under partisplittinga i 1923. Etter eit kort mellomspel gjenerobra Arbeidarpartiet sine folk avisa og sette inn forretningsførar Ingvald Jaklin, som var redaktør frå 1924 til han døde i 1966, berre avbrutt av krigsåra 1940–1945.

Nordlys blei som den første arbeidaravisa stengd i august i 1940, og praktisk talt heile redaksjonen flykta seinare til Sverige. Etter frigjeringa fekk Nordlys eit kraftig gjennomslag – på grunnlag av eit politisk gjennombrot for Arbeidarpartiet i Tromsø, der sjefredaktør Jaklin no blei ordførar, ein moralsk kapital knytt til at Nordlys blei stengd så tidleg, mens konkurrenten kom ut som organ for Nasjonal Samling – og gode inntekter ved at pressa blei brukt til å trykke Deutsche Polarzeitung, avis for dei tyske soldatane i nord.

I 1947 blei Nordlys byens største avis. I dei komande to tiåra arbeidde Nordlys målretta for å bli den leiande avisa i Nord-Noreg, med utbygging av eit nett av distrikts-kontor, og avisa lukkast i 1965 med å passere opplagstalet til landsdelsavisa Lofotposten. I denne perioden var Nordlys eit organ for ei rørsle som sat med makta både lokalt og nasjonalt. Den tette koplinga mellom politikk og journalistikk viste seg i den sterke posisjonen avisa hadde i det lokale og regionale partiapparatet, noko som Ingvald Jaklin sin tredoble posisjon som ordførar, stortingsmann og redaktør var uttrykk for. Nordlys var først og framst eit partiorgan, men uttrykte også regionale interesser i ei tid der det var stor grad av samanfall mellom moderniseringsvisjonane lokalt og regionalt.

Etter Jaklin heldt Nordlys fram som partiavis også under etterfølgjarane Magne Jønsson og Reidar Nielssen.

Det store skiftet kom under Ivan Kristoffersen (sjefredaktør 1982–1997). Avisa erklærte seg ikkje lenger som partiorgan, og på 1990-talet framstod ho i aukande grad meir som regionalistisk enn som partitru. Dette kom til uttrykk i motstand mot medlemskap i A-pressen (ei sak som gjekk tapt på slutten av 1990-talet) og ved å støtte nei-sida framfor folkeavstemninga om EU i 1994. Den politiske fristillinga kom til uttrykk ved tilsettinga av Jonny Hansen som sjefredaktør i 1997. Hansen hadde ikkje bakgrunn i Arbeidarpartiet og blei seinare sjefredaktør i konkurrenten Tromsø.

  • Alfred Eriksen 1902–1912
  • Ole Martin Gausdal 1912–1914
  • Aksel Olsen 1914–1915
  • Jørgen Hustad 1915–1917
  • Peder Kåsmoli 1917–1924
  • Ingvald Jaklin 1924–1940
  • ---
  • Gunnar Hagerup 1945
  • Ingvald Jaklin 1945–1965
  • Magne Jønsson 1965–1973
  • Reidar Nielsen 1973–1982
  • Ivan Kristoffersen 1982–1997
  • Jonny Hansen 1997–2001
  • Hans Kristian Amundsen 2001–2011
  • Anders Opdahl 2011–2016
  • Helge Nitteberg 2016–
År Opplag
1990 32 507
1995 33 078
2000 30 216
2005 28 348
2010 24 958
2015 18 672
2020 26 315
2021 25 621
2022 25 326
2023 25 433

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papiravisa. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

  • Første nummer 10. januar 1902
  • Christensen, Pål & Hallvard Tjelmeland: Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år, 2003, isbn 82-91668-19-1.
  • Dahl, Hans Fredrik (hovedredaktør) (2010) Norsk presses historie. Bind 1-4. Universitetsforlaget.
  • Jønsson, Magne (1976) Nordlys i 75 år. Les boken hos Nasjonalbiblioteket.