Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 12
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 26. november 2024. Artikkelen endret 4 tegn fra forrige versjon.

Jacob Vidnes var ein norsk avisredaktør og politikar frå Arbeidarpartiet.

Han var redaktør i Arbeidarpartiets hovedorgan Social-Demokraten 1912–1918, der han profesjonaliserte avisa og gjorde ho til ei nyheitsavis. Vidnes var med å skipa Kristiania socialdemokratiske Ungdomslag i 1900, og var første formann i laget.

Han var og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 1912 til 1918 og av Kristiania bystyre 1914–1919.

Han tok initiativ til å skipa Norges Socialdemokratiske Presseforening (det nåverande Arbeiderbevegelsens Presseforbund) og var den første formannen i forbundet, frå 1909 til 1918.

Då den såkalla «nye retninga» vann fleirtal i partiet i 1918, markerte han seg gjennom eit flengande oppgjer med «bolsjevismen» i Tidens Tegn. I London under okkupasjonen tok han initiativ til bladet Norsk Tidend.