Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 19
Denne versjonen ble publisert av Geir Thorsnæs 5. april 2014. Artikkelen endret 16 tegn fra forrige versjon.

Austevoll, kommune i Hordaland fylke, sør for Bergen, mellom Krossfjorden i nord, Langenuen i aust, Selbjørnsfjorden i sør og Nordsjøen mot vest. Austevoll er den største øykommunen i landet som ikkje er landfast. Austevoll kommune har totalt 667 øyar, holmar og skjer, og av desse har Huftarøy, Selbjørn, Hundvåkøy, Stolmen, Storakalsøy, Drøna, Rostøy, Møkster, Litlakalsøy og Lunnøy fast busetnad. Det er fritidshusbusetnad på langt fleire øyar.

Austevoll kommune vart oppretta som eigen kommune i 1886 ved utskilling frå Sund. I 1964 vart søre delen av øyane Huftarøy og Selbjørn overførte frå Fitjar kommune.

Berggrunnen i Austevoll høyrer til den kaledonske faldesonen, og består for størstedelen av djuperuptiver. I nord, nord for ei line Matvika-Oterå på Huftarøy, er det mest granitt, i sør for størstedelen gabbro. I overgangen mellom dei to områda er det nord på Selbjørn ei stripe med fyllitt og glimmerskifer av kambrosilurisk alder, men sterkt omdannet i kaledonsk tid.

Landskapet er småkupert og skogbert, berre på Huftarøy når det over 200 moh. Høgaste topp er Loddo (244 moh.) på Huftarøy.

Om lag 98 % av innbyggjarane bur på dei største øyane som er samanknytte med bruer. Av dei bebudde øyane er berre Møkster, Litlakalsøy og Lunnøy utan fast vegtilknyting med resten av kommunen.

Administrasjonssenteret Storebø (1170 innb. 2012) som ligg nord på Huftarøy, vart kommunesenter i 1964. Før den tid var den gamle handels- og gjestgjevarstaden Bakholmen kommunesenter. Kommunens sin andre tettstad er Bekkjarvik (383 innb. 2012) på Selbjørn. I alt budde 33 prosent av dei busette i kommunen i tettstader (2012).

Etter krigen hadde Austevoll eit relativt stabilt folketall fram til midten av 1980-tallet. Seinare viste det ein liten stigning som vart sterkare frå siste halvdel av 1990-talet. I tiårsperioden 2004-14 auka folketalet med gjennomsnittleg 0,9 prosent årlig mot 1,3 prosent i heile Hordaland.

Jordbruket i Austevoll er beskjedent og er prega av en gjennomsnittleg bruksstørrelse på berre om lag halvparten av gjennomsnittet for fylket. Det drivst hovudsakleg med saue- og storfehald. På Huftarøy og Selbjørn finst ein del villsau som går ute heile året.

Når primærnæringane trass i eit beskjedent jordbruk utgjer 16 prosent av kommunens arbeidsplassar, skyldast det den omfattande fiskeverksemda i kommunen. Austevoll er den klårt største fiskerikommunen i Hordaland med 58 prosent av hordalandsfiskaranes ilandbrakte fangst etter verdi i 2012. Austevolls andel av den fangsten som førast i land i Hordaland er enda større; den var heile 74 prosent dette året. Også i landsmålestokk er fiskerinæringa i kommunen betydeleg. Austevoll har til dømes Noregs største ringnotflåte; flåten tel i dag 25 store farty. Det drivst også fiskeoppdrett i stor målestokk i kommunen.

Austevoll har tre store offshorereiarlag med Dof Rederi som det største og North Sea Shipping og Shipman som også er store.

Industrien omfattar 17 prosent av Austevolls arbeidsplassar. Denne er helt dominert av næringsmiddelindustri (særleg fiskeforedling) og verkstadindustri med høvesvis 56 og 37 prosent av sysselsettinga i industrien. Innanfor fiskeforedlinga er Austevoll Seafood ASA største føretak, eir føretak som også driv med fiskeoppdrett og dessuten stor verksemd i andre store fiskerinasjonar som Peru og Chile. Tekstilindustri utgjer resten av industrinæringa i Austevoll; den er vesentleg basert på fiskeverksemda med m.a. reparasjon og produksjon av garn og nøter.

Austevoll vert kvart år vitja av mange frå inn- og utland, og reiselivet i Austevoll er i god utvikling. Det finst overnattingstilbod av ulik art på fleire av øyane, flest i sør. Bekkjarvik Gjestgiveri har ein meir enn 300 år gamal, kontinuerlig drift. Kommunen har dei siste åra fått ei rekkje mindre utleigehytter.

Austevoll har mange båtturistar på besøk i dei ulike gjestehamnene i kommunen. Bekkjarvik er den største og vart i 2007 kåra til Noregs beste gjestehamn av Båtmagasinet. Austevoll kommune kjøpte i 2005 Marstein fyr frå Kystverket og vil i ei stifting blant anna utvikle fyret og holmen til eit reisemål.

Austevoll har snøggbåtsamband med Bergen og Sunnhordland. Det er ferjesamband frå Hufthamar (Huftarøy) til Krokeide i Fana (Fv. 556) og fra Husavik (Huftarøy) til Sandvikvåg (E 39) på Stord. Det er snøggbåtsamband til øyene Møkster, Litlekalsøy, Hevrøy (fritidsbustadøy), Sandtorv (feriebustadøy) og Lunnøy. Denne båten går både frå Hufthamar og Bekkjarvik.

Austevoll har med sine mange øyar hatt behov for å byggja bruer for å knyta kommunen saman. Kommunen har arbeidd med dette sidan 1950-60-talet gjennom eit eige kommunalt selskap, Austevoll bruselskap AS. I 2007 vart dette arbeidet sluttført. Dei store bruprosjekta var:

  • Selbjørnsbrua mellom Huftarøy og Selbjørn (1980)
  • Stolmabrua mellom Selbjørn og Stolmen (1998)
  • Bakkasundsbrua mellom Hundvåkøy og Storekalsøy (1999)
  • Austevollsbrua mellom Huftarøy og Hundvåkøy (2007)

Austevoll vidaregåande skule/Austevoll Maritime Skule på Storebø (tidlegare Fiskarfagskulen i Austevoll) tilhøyrande Hordaland fylkeskommune vart bygd i 1978 og fekk ei større utviding i 2010. På Storebø ligg og Forskningsstasjonen Austevoll under Havforskningsinstituttet. Innseglingsfyret Marstein ligg på ei av småøyene i Krossfjorden ved dt sørlege innlaupet til Bergen.

Austevoll kommune svarar til Austevoll sokn i Midhordland prosti i Bjørgvin bispedøme. Kommunen svarar likeeins til Austevoll lensmannsdistrikt i Hordaland politidistrikt, og høyrer under Nordhordland tingrett.

Våpenet (godkjent 1984) har fire sølvsilder på skrå oppover mot ein blå bakgrunn, og viser til de rike fiskeritradisjonane i kommunen. Kommunevåpenet er teikna av John Digernes frå Haugesund.

Namnet Austevoll er eigentleg eit gardsnavn fra øya Hundvåko, det kjem av aust og voll, og skuldast truleg at garden ligg aust på øya. Hundvåko var frå 1600-talet ein kyrkjestad i Austevoll og hadde frå 1600-tallet til 1891 hovudkyrkja i soknet. Før 1600-tallet var kyrkja på øya Sandtorv og i 1891 stod ny hovudkyrkje ferdig på Storebø. Kyrkjer finst også i Bekkjarvik og på Møkster.

  • Austevoll, 1978-1986, 2 b. (Kultursoge med serietittel: Austevollsoga), Finn boken
  • Fett, P.: Austevoll prestegjeld, 1968 (Førhistoriske minne i Midhordland, 6), Finn boken
  • Tufteland, J.: Austevoll: gard og ætt, 1978-91, 3 b., isbn 82-7101-048-4, Finn boken