Camilla Granlien, norsk kvedar eller folkesongar, særleg kjent som formidlar av tradisjonsstoff frå Gudbrandsdalen. Utdanninga frå Kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og ein master i folkekunst frå Høgskulen i Telemark, avd Rauland. Ho har vunne klasse A vokal folkemusikk på Landskappleiken tre gonger, i 2006, 2007 og 2008. Kongepokal frå Landskappleiken 2008. Granlien debuterte som soloartist med albumet Begjær i 2005. Ho har òg utmerka seg som ein brubyggjar mellom tradisjonsmusikk og andre sjangrar, som medlem av gruppa Skrekk (2001-2007) og metalbandet To Cast a Shadow. I tillegg har ho sitt eige Camilla Granlien Band. Med dette bandet gav ho i 2008 ut albumet Jarnnetter, med tekstar av Tor Jonsson og Olav Aukrust, dels med tradisjonelle melodiar, dels tonesett av Granlien. I 2010 gav Granlien ut albumet Aftenstemning saman med saksofonisten Kristin Sevaldsen, med tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson, tonesett av Granlien og Sevaldsen. I 2013 deltok Granlien på albumet Songs by Geirr Tveitt med gruppa Slagr, til tekstar av norske lyrikarar.
Versj. 4
Denne versjonen ble publisert av Kjell Bitustøyl 24. februar 2016.
Artikkelen endret 706 tegn fra forrige versjon.