Hårteigen, fjell i Ullensvang herad, Hordaland, ein av dei høgaste og mest særprega toppane på den vestlege Hardangervidda; 1690 moh.
Fjellet er ein rest av dei store skuvedekka som under den kaledonske fjellkjedefaldinga vart skovne inn over landet. Toppen er prekambrisk gneis som er skoven oppå lausare skifer (fyllitt) og dannar difor bratte skrentar mot den omliggjande lågare vidda.
Aust for Hårteigen går fotturrute frå Litlos turisthytte til Torehytten, og frå denne ei merka rute opp på Hårteigen. Eit stykke av denne ruta går dels over, dels ved sida av ein glatt snøfonn, og her har Den Norske Turistforening sett opp rekkverk for å letta oppstiginga. Frå Hårteigen prektig utsyn over Hardangervidda til Hardangerjøkulen og Hallingskarvet i nordaust, Gaustatoppen i søraust og Folgefonna i vest.
Hårteigen er ein av dei høgaste toppane på Hardangervidda. Sandfloegga er den høgaste, 1721 moh.
Namnet.Fjelltoppen sett på avstand er samannlikna med ein teig. Første ledd er visstnok norrønt hárr, 'grå'. Namnet tyder då Gråteigen.